Utgravingsprosjekt Hovlandshagen

Aurebettjødno XVII – tuft og motting frå yngre steinalder

15.05.19
Aurebettjødno XVII sett frå fugleperspektiv. Lokaliteten ligg ved utosen til tjernet som i dag ligg 5 moh. I yngre steinalder stod havet 8-10 meter høgare enn i dag og tjernet var knytt til sjøen gjennom eit smalt sund.

Aurebettjødno XVII er ein av dei større lokalitetane i undersøkinga i Hovlandshagen. Den vart undersøkt gjennom heile 2018-sesongen, og ferdigstilt i byrjinga av 2019-sesongen. Den ligg fint til like ved utosen av det vesle tjernet som den har fått namn etter. Med eit havnivå 8-10 meter høgare enn i dag var tjernet knytt til havet og ved utosen må det ha vore eit smalt sund. Slike sund kan ha skapa tidevasstraumar, som igjen gav gode tilhøve for stabile og rike maritime biotopar. Dette er truleg ein viktig bakgrunn for dei rike funna som vart gjort akkurat her. For Aurebettjødno XVII viser ei anna side ved Hovlandshagen enn dei mange verkstadplassane for grønstein.

Lokaliteten vart først avtorva med gravemaskin. Deretter grov maskina ei grøft gjennom heile lokaliteten. Dette ga oss ein god oversikt over jordlaga, og over dei sentrale funnområda. Eit skrånande område ned mot tjernet heilt sør på lokaliteten skilde seg klart ut, og undersøkinga vart konsentrert her.

Tuft

Etter å ha grave av det øvre jordlaget i flata rett ovanfor skråninga, kom det fram ei sirkulær steinpakning på om lag 20 kvadratmeter. Her var også spor etter fleire moglege stolpehol, samt etter eldstadar. Mykje tyder på at dette er ei tuft etter ei bygning frå steinalderen.

Utgraving av steinpakninga som har vore golvet i tufta.

I tilknyting til tufta vart det gjort fleire funn. Både emne og ferdige økser av grønstein. Sjølvsagt også mykje avslag av grønstein, men ikkje i dei kolossale mengdene vi  finn på verkstadplassane. Pilspissar var her av både flint, rhyolitt og skifer. Rhyolitten er truleg frå Siggjo og er ein sterk indikator på at tufta er frå den tidlegaste delen av yngre steinalder (ca 4.000-3.500 f. Kr). Dette fekk vi også stadfesta gjennom radiokarbondateringar.

Denne vakre pilspissen i skifer vart funne ved tufteområdet på lokaliteten.

Motting

Det verkeleg interessante området på lokaliteten finn vi likevel lenger nede i skråninga for tufta. Her var det avsett ein nesten meterdjup motting. Det må ha hengt ein stram odør over her i steinalderen, for mottingen er skapt ved at ein har kasta avfall her. Her har nok lagt både fiskeslo og slakteavfall som for lengst har blitt kompostert. Likevel er det framleis bevart noko brent bein. Det er sjeldan slikt er bevart på opne buplassar frå steinalderen. Noko som er enda sjeldnare er likevel at reiskapar av bein er bevart. Ein pilspiss av bein gir oss ei påminning om at ein brukte meir enn stein til reiskapar. Noko anna som har blitt kasta i mottingen er keramikk. Her er funne nesten 200 skår av keramikk, fleire av dei med dekor.

Dette tangepartiet av ein beinspiss har overlevd nesten 5000 år i jorda på Aurebettjødno XVII.

Dei nedre laga i mottingen er truleg samtidige med tufta, men mesteparten av den ser ut til å vere avfall frå ein litt yngre del av steinalderen (ca 3500-2500 f. Kr). Vi er såleis noko forundra over at vi ikkje har funne tydelegare busetnadsspor frå denne delen av steinalderen på Aurebettjødno XVII.

 

Ei anna side ved Hovlandshagen

Det Aurebettjødno XVII verkeleg syner oss er at funna i Hovlandshagen er meir enn verkstadplassane for grønstein. Tufta og mottingen tyder på at ein har hatt lengre opphald her, og funna gir eit meir samansett bilete av dagleglivet på ein steinalderbuplass. Den har gjeve oss eit rikt materiale å arbeide vidare med.  Beinmaterialet skal undersøkast av osteolog, og vil gje eit innblikk i kva som har stått på menyen her i steinalderen. Keramikken skal også analyserast vidare, for skåra kan framleis innehalde spor etter det som ein gong var i keramikkara. Vi er særs spente på desse resultata. Ikkje minst fordi mottingen er frå tida da ein levde i skjæringspunktet mellom den reine jakt- og fangstøkonomien og framveksten av ein meir jordbruksbasert økonomi. Den er også frå den siste tida brotet på Hespriholmen var i bruk, for med gjennombrotet til jordbruket rundt 2400 f.Kr ser ein over 5000 år lang bergverkstradisjon på Hespriholmen ut til å ta slutt.

Fleire av skåra frå mottingen var dekorerte i ulike mønster, laga ved variasjonar av slike tynne strekar.