Våren er her, og denne veka har vi starta siste etappe av utgravingane i Hovlandshagen. Sju store og små lokalitetar skal undersøkast før vi avsluttar i juni. Årets utgraving femner lokalitetar frå det meste av steinalderen, og ein rik variasjon av steinråstoffa som var i bruk på Bømlo i steinalderen. Også i år skal vi grave på lokalitetar som vart funne og delvis undersøkt på 1920- og -30-talet.
Aurebettjødno XVII
Dette var hovudlokaliteten vår i 2018. Her undersøkte vi ei tuft frå den tidlegaste delen av yngre steinalder og ein litt yngre motting. Mottingen inneheld både bein og eit ganske rikt keramikkmateriale, som særleg låg konsentrert inntil profilbenken. Vi vil difor starte årets sesong med å grave ut sjølve profilbenken for å sikre mest mogleg av dette materialet.

Dukkar det opp meir steinalderkeramikk på Aurebettjødno XVII?
Bergensleitet
Dette er planlagt som ein av hovedlokalitetane våre i år. Lokaliteten vart funne av Haakon Shetelig medan han arbeida på Uratangen I i 1921. Han grov ut eit felt på om lag 40 m2 året etter. Her fann han eit rikt materiale hovudsakleg frå ulike periodar av eldre steinalder. Her var både skiveøkser av flint typiske for den eldste delen, og yngre slipte økser av grønstein. Og sjølvsagt var her store mengder grønnsteinsavfall. Det er likevel eit stort område nord for Shetelig sitt felt som aldri har vorte undersøkt før. Så langt tyder ting på at dette området har eit større innslag frå yngre steinalder enn feltet i sør. Ved å avdekke eit større område håper vi å sjå om her til dømes er spor av tufter.

Haakon Shetelig med vest og kvitskjorte undersøker Bergensleitet i 1922. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.
Bergensleitedalen
Denne lokaliteten vart funne under forundersøkinga vår i 2017. Lokaliteten ligg i eit daldrag som går opp sørvest for Bergensleitet. Det interessante her er at det berre er funne materiale i flint og kvarts, og lokaliteten er difor truleg frå før grønstein vart teke i bruk som råstoff. Truleg er den frå den eldste delen av eldre steinalder. Den er såleis frå same periode som Uratangen IIb, som vart undersøkt i fjor. Bergensleitedalen ligg nokre meter lågare, og saman syner desse lokaliteten kor rask landhevinga var rett etter siste istid. Det vert også interessant å sjå om lokaliteten har grønstein eller ikkje. Dette kan bli viktige data i høve til tidfestinga av når ein tok i bruk grønstein.
Uratangen II
Fleire av lokalitetane vi skal undersøke i år er funne i vegetasjonsspor av arkeologar og arkeologistudentar. Det er tilfelle med mellom anna Uratangen II. Lokaliteten er eit lite mysterium da den ligg midt inne på ei flate. Den har tilsynelatande lagt langt frå strandlinja på den tida den var i bruk. Materialet som er funne peikar i retning av ein relativ sein del av eldre steinalder. Vi håper vår undersøking vil bidra med betre datering og forståing av kva denne lokaliteten representerer.
Uratangen V
Dette er også ein lokalitet der Shetelig og andre har gjort funn i ei vegetasjonsopning. Seinast vart her samla inn flint i 1987. Utgraving har her ikkje vore tidlegare. Materialet som er samla inn hittil peikar i retning av ei datering til siste halvdel av eldre steinalder. Lokaliteten har ei flott plassering i eit daldrag med utsyn nordover mot Langevågen. Vi er særs spente på denne lokaliteten, mellom anna med tanke på å påvise bustadstrukturar her.
Storamyro
Storamyro er ein stor lokalitet med eit omfang på nær 26.000 m2. Ein liten del i den nordlege utkanten er råka av tiltaket og skal undersøkast. Her er det mellom anna funne ein konsentrasjon av grønstein. Ut frå høgd over havet er lokaliteten frå yngre steinalder. Vi vil også samle inn vegetasjonshistoriske og geologiske data frå myra.

Arkeologistudentar leitar etter funn i ei vegetasjonsblotning ved Storamyro ein gong på 1930-talet. Med på biletet er truleg Eva Nissen Meyer (seinare Fett), Per Fett og Oddveig Bodahl. Foto Haakon Shetelig, Universitetsmuseet i Bergen.
Toretangen
Dette er ein liten lokalitet som vart funne under forundersøkinga. Den er likevel særs interessant da det ser ut til at her er spor etter tilvirking av reiskaper av jaspis. Dette er også eit råstoff som fins lokalt på Bømlo, og vi kjenner mellom anna til eit jaspisbrot om lag 5 km nord for Hovlandshagen. Bruken av råstoffet er likevel mindre kjent enn til dømes rhyolitt, og vi håpar vår undersøking kan rette litt på dette.
Vi satsar på å legge ut meir her på norark etterkvart som lokalitetane vert undersøkte. Følg også med på facebook (Arkeologi i Hovlandshagen) og instragram (@hovlandsarkeo).
Hei
Det er veldig interessant lesning om dåkas utgraning i Hovlandshagen (og eller det som står om tidligare utgravingar). Vil det bli lagt opp til f.eks open dag for publikum ila prosjektet ? Hadde vore kjekt for bygdafolk og andre å fått litt innblikk i arbeidet og funna.
MVH Odd Ingvar Nilssen, Bømlo.
Hei
Takk for hyggeleg tilbakemelding. Vi arbeider for å få til ein open dag i løpet av mai. Følg med på facebook og instagram for oppdatering.
mvh
Trond Linge