Utgravingsprosjekt Rv. 555 Sotrasambandet

Busetnadsspor frå eldre steinalder

02.11.17

I løpet av femten vekers feltarbeid gjennom sommaren 2017, har vi grave ut deler av ei 7000 år gammal tuft ved lokaliteten i Straumsundet. I tillegg har vi fått eit godt inntrykk av situasjonen over resten av lokalitetsflata – ved hjelp av gravemaskin har vi avtorva eit område på 865 m2, og dermed kan vi gå direkte i gang med vidare utgraving allereie ved starten av neste års sesong.

Seinmesolittisk bustad

Tufta si utstrekning ser førebels ut til å vere 6,2 x 3,7 meter i plan, med eit stolpe- eller staurhol i vestlege utkant. Vi har ikkje lukkast i å påvise meir enn dette eine stolpeholet, men dette betyr ikkje naudsynleg at det ikkje har funnest fleire enn eitt, fråveret av dei kan òg vere ein indikasjon på kva type konstruksjon det dreiar seg om. Sentralt i tufta er eit opptil 20 cm tjukt svart kollag med ei utstrekning på 2,7 x 1,5 meter, som er nedskore i strandgrusen. Vi tolkar dette som eit eldstadsområde. Rundt kollaget er det ein opptil 15-20 cm tjukk steinpakning med humus- og trekolhaldig grus og sand (kulturlag) med skjørbrende stein. Under steinpakningen følgjer torv- og kompakt silt og sand. Dette ligg direkte oppå den sterile strandgrusen i botnen.

Om dei ulike horisontane representerer åtskilde fasar med aktivitet på buplassen, eller om det nedste laget er anrika med organisk materiale frå laget over, kan 14C-dateringar forhåpentlegvis bidra til å avklare. Det er større total funnmengd i det øvre laget enn i det nedre, men likevel ei klar overvekt av beinfragment i det nedre. Dette kan moglegvis indikere ulike fasar, men det kan òg vitne om betre bevaringstilhøve i det meir organiske og beskytta nedre laget. Dei to 14C dateringane frå fylkeskommunen si registrering stammar frå eldstadsområdet, og gav dateringar til høvesvis 5220-5000 f.Kr. og 4790-4610 f.Kr. Dateringar av brende bein frå den svarte kulturavsettinga innanfor tuftområdet gav alderen 5717-5627 f.Kr. og stadfestar sannsynligvis den eldste av dateringane frå registreringa. (jf. her).

Gul linje antyder tufta si utstrekning, orange felt syner eldstadsområdet og teikninga til venstre er stolpeholet med steinar i kvitt og nedgraving i raudt

Utgraving av eldstadsområde

Neolittiske innslag i topplaget

Dei øvste funnførande 5-10 cm under torvlaget inneheld avslag av rhyolitt, eit flintliknande råstoff som var brukt i tidleg- og mellomneolittisk tid over store delar av Vest-Noreg. Dette ser så langt ut til å vere tilfellet over heile lokalitetsflata, og fleire innslag av Vespestadøkser stammer truleg frå same aktivitet.

Vespestadøks

Seinmesolittisk busetnad med marin tilpassing

Størstedelen av funnmaterialet består som venta av avfall frå produksjon av reiskapar, med ei overvekt av lokale råstoff. Ei stor mengd bipolare kjernar, mikroflekker/ mikroflekkekjernar og små trinnøkser, bidreg til å styrke dateringa til seinmesolittisk tid. Rundt 20 små fiskesøkker i kleberstein, og ei lita handfull bevarte bitar av fiskekrokar i bein og/eller gevir vitnar om det sentrale marine næringsgrunnlaget for dei som budde her. Lokaliteten var direkte strandbunden gjennom delar av seinmesolitikum.

Fiskesøkke i kleberstein

Bitar av fiskekrokar i bein og/eller gevir

Steinpakning i sør

Sør for tufta har vi grave ut ein pakning av skjørbrende stein som var 7 x 3 m stor og 5-7 cm tjukk. Storparten av denne avsettinga skil seg ut som funnfattig samanlikna med tilgrensande aktivitetsområde i nord. Funnmengda aukar vesentleg nedover skråninga mot aust – kanskje har vi påvist ei utkastsone her. Den vestlege halvdelen, som så å seie manglar innslag av skarpe flint- og kvartsavslag, kan vere restar av ei bustadflate på platået. Dette er ei mellombels tolking, men dateringsresultat kan forhåpentlegvis bidra til å avklare kva denne representerer, og om den eventuelt kan vere relatert til aktiviteten i nord.

Positive overraskingar undervegs

Steinalderbuplassen har lege relativt eksponert, i eit område prega av særleg mykje omkalfatring dei siste 30-40 åra. Med unntak av planteskogen, har vi så langt ikkje sett noko som tydar på korkje dyrking, graving, bygging, lyngheidrift eller annan inngripande aktivitet på lokalitetsflata. Illevarslande, torvdekte røyser av kantete stein fleire stader på lokaliteten, og noko som likna betongavfall (eigentleg uskuldige innslag av naturleg konglomerat) gjorde at vi innleiingsvis frykta å finne meir eller mindre omfattande moderne forstyrringar då vi byrja å grave. Steinane viste seg derimot truleg å bestå av bitar av sprukken berggrunn (jf. her).

Lokaliteten har vist seg å ha overraskande gode bevaringstilhøve for organisk materiale – vi har påvist kontekstar med bitar av både brende og ubrende bein, der det brende vart datert til 5717-5627 f.Kr. (jf. ovanfor).

Alt i alt ser vi fram til neste års feltsesong og kva resten av lokalitet 11 har å by på. Ikkje minst er vi spente på om det er muleg å påvise skilnader mellom dei to platåa, som kan indikere at aktiviteten stammar frå to ulike fasar.


Kommentarer


Christopher Martinsen
06.11.2017

Jeg kan ikke forstå hvordan dere legger til grunn 7000år?
Karbon14 metoden er upålitelig i og med at dere ikke vet det opprinnelige karbon innholdet samt at strålingsnivået har endret seg opp igjennom. Etter å sett vitenskapelige forklaringer på dette fremstår metoden som svært upålitelig og som å kaste pengene ut vinduet.