I samband med arkeologiske undersøkingar langs og i Sundeveien ved Hafrsfjord i Stavanger kommune i 2015, blei det påvist tydelege restar etter moglege førreformatoriske bruksfasar av dette vegfaret.
Ei sjakt blei grave gjennom den noverande, asfalterte overflata – og der nede i bakken dukka ein bit av gammal ferdselsåre opp!
Eit snitt gjennom denne steinlagde vegen viste at han var blitt bygd om, og at han har hatt varierande breidde opp gjennom åra.
For kort tid sidan fekk vi resultata av 14C-dateringar på daterbart materiale frå ulike lag i vegen – desse viser at den øvste overflata var i bruk på 1500-1600-talet, medan dei eldre fasane stammar frå vikingtida på 900-talet.
Dette er spennande nytt av fleire årsaker – for det første er det generelt sett sjeldan at ein finn så velbevarte og gamle spor etter menneske og dyr sine ferdselsvegar i tidlegare tider, og for det andre er vegfaret viktig for å betre forstå bruken av gardar og landskap her ved Hafrsfjorden i vikingtid og mellomalder. Truleg er vegen først bygd i samband med ei nyorganisering av eigedommar og gardstun i området i vikingtida. Den vesle sjakta vi grov i 2015, fortel at dette vegfaret finst akkurat der under dagens asfalterte overflate, men det er uavklart kor langt den gamle vegen strekkjer seg – det vi veit sikkert er at han heldt fram i begge retningar, høvesvis mot gamletunet knappe 100 m mot NV (truleg med røter i vikingtid / tidleg mellomalder) og vidare mot SØ.
Hei,
Veldig interessant funn ! Talende bilder. Tror ikke jeg har sett slike dokumenterte bruksfaser så langt ned i tid her i landet.
Finnes det en tilgjengelig rapport eller tverrprofiler med tolkning av fasene ? og ikke minst sammensetningen av de ulike materialtypene ?
Vennlig hilsen
Tom W.H. Skarre
Hei!
Takk for spørsmål knytt til vegfaret frå vikingtid og mellomalder. Utforminga av utgravingsrapporten er ikkje klar enno, dette arbeidet blir fullført i løpet av hausten – er for tida oppteken med årets feltsesong.. Den endelege rapporten med resultat og tolkingar vert lagt ut på AM sine heimesider som pdf-fil, tilgjengeleg for deg og andre for nedlasting.
Venleg helsing
Even Bjørdal,
Prosjektleiar for utgravingane på Nore Sunde, Stavanger k