Med utsikt utover Møllebukta i den nordlige delen av Hafrsfjorden, ligg utgravingsområdet for id 160615 på Madla. Slaget her i Hafrsfjord i 872 (eller nokre år seinare, på slutten av 800-talet)var Harald Hårfagre sine styrkar mot fleire småkongar frå dei norske områda. Ved sigeren i dette slaget, fekk Hårfagre samla Vestlandet under si leiing. Men i områda rundt heile fjorden, inkludert Madla, finst det mange kulturminne frå både eldre og yngre periodar enn den vikingtida som har gjort staden nasjonalt kjent – både steinalder, bronsealder, jernalder og mellomalder er godt representert.
14C-dateringar på materiale påvist ved Rogaland fylkeskommune si registrering i 2012 innan området for id 160615 høver inn i dette generelle biletet, for dateringsresultata strekkjer seg heilt frå yngre steinalder til mellomalder. Det er klart at på dette høgdedraget med utsyn mot fjorden, har det vore attraktivt å bu heilt sidan jordbruket slo gjennom i regionen.
Utgravinga på Madla har no pågått ein dryg månads tid, med fokus på å fjerne matjordlaget som skjuler spora etter fortida. Maskiner og krafsande arkeologar har i samarbeid kome godt i gang med å avdekke det store utgravingsområdet – totalt skal c. 40 mål skrapast fram på denne måten. Så langt har fleire hundre ulike spor blitt rensa fram og målt inn, alt frå stolpehol og kokegroper til meir uklare grøfter, groper og moglege graver. Allereie no har vi tolka fram fleire huskonstruksjonar, og truleg vil vi finne bygningsrestar frå både bronsealder og jernalder.
Veret har vore flott, og vi ser fram til ein fortsatt herleg og hektisk utgravingssommar på Madla – sluttstrek for sesongen er i september/oktober.
Utgravingsprosjekt Madla
Busetnadsspor og graver på Madla
13.06.18