Utgravingsprosjekt Sakkastad Hageby

Status for Sakkestad

01.08.17

Den arkeologiske undersøkinga blei fullført i løpet av den andre veka i juni – takk til feltarkeologane og andre som gjorde det mogleg å gjennomføre dette feltarbeidet.

Vi fann spor etter førhistoriske aktivitetar i området, særleg tydeleg var rekkja med kokegroper frå førromersk tid (tidlegare datert til ca 300 – 100 f. Kr.), og busetnadsspor, gjenstandsfunn (leirkarskår, flint) og dyrkingslag frå yngre steinalder og bronsealder (innan perioden ca 2000 – 500 f. Kr). Ein påviste samlingar av stolpehol fleire stadar på utgravingsfeltet som kan ha tilhøyrt toskipa hus frå, men bevaringsforholda var ikkje dei beste, så det har vore vanskeleg å tolke fram klare bygningskonstruksjonar.

Det vart prioritert høgt å ta naturvitskapelege prøver frå dyrkings-/aktivitetslag frå «bronsealdernivået», og i denne prosessen fekk vi god fagleg hjelp frå AM-kollegaer, både konservatorar og botanikarar. Det vert spennande å følgje det komande etterarbeidet, med diverse resultat frå analyser og 14C-dateringar.

Ein sti med steinlagt overflate og tilhøyrande staurhol etter eit gjerde såg lenge lovande ut, men ved nærmare undersøkingar viste det seg å innehalde omfattande mengder av tegl, glasbitar og ymse jernskrot – dette var såleis etter alt å døme restar etter eit nyare tids trakk for husdyr i eit fuktig område mellom to jorder. Grunnprinsippa bak slike konstruksjonar har nok ikkje endra seg stort sidan bronsealderen..

Takk for interesse, innspel og hjelp frå metallsøkarmiljøet i området, representert ved Morten Storesund og medlemmar av Beep & Dig Haugalandet Metallsøkerklubb.