At Setesdal har vore heim for vikingar er ikkje noko nyhende. Ei rekkje gravfunn og lausfunn har lenge vitna om omfattande aktivitet i dalføret i førhistoria, mellom anna i vikingtid. I samband med utbygging av riksveg 9 har me i tillegg til omfattande informasjon om gravskikk også fått kunnskap om busetting og levevegar. Det er særskild tre store undersøkingar som har skild seg ut, Moi (2007) og Langeid (2011) i Bygland kommune, og Sandnes og Kveste (2014) i Valle kommune, men andre undersøkingar fyller ut denne historia.
Her skal me byggja og her skal me bu
På Moi og Sandnes vart det undersøkt fleire hus frå vikingtid. Busettingane og husa har stor likskap, men òg særskilde trekk. Bustadhusa har vore stolpebygde treskipa langhus med sigarforma grunnplan, der endane smalnar av. Veggstolpane kunne vere uvanleg store, og kan ha bore delar av takvekta. Husa har hatt eldstader langs midtaksen. Langhusa har ikkje stått einsame, men har vore del av større tunområde med andre bygningar. Dei andre bygningane kan til dømes ha husa dyr, vore lagerrom eller vore nytta til handverk.

Langhuset på Moi. Dei raude og kvite stikkene viser kor dei indre stolpane i huset har stått, medan pappasjettane syner kor stolpane i dei konvekse ytterveggane har stått. Hola med dei mørke områda i forgrunnen er grophuset, og det mørke området bakarst i huset er kulturlag som kan tyde på at husdyra har hatt rom i huset. Foto: Gaute Reitan, Kulturhistorisk museum.
Langhuset på Moi låg nordaust-sørvest, og dei mange stolpehola syner at huset har vore bygd om eller erstatta minst ein gong (hus I/V). Huset har vore opptil 37,5 m langt og 8 m breitt. I ein tidleg fase har det ligge eit grophus sør for gavlen av langhuset. I ein seinare fase har langhuset vorte utvida og anlagt over restane av grophuset, medan ein massiv stolpebygning, forslagsvis tolka som eit stabbur/loft, vart reist noko lengre sør for langhuset. Tjukke lag i nordenden av langhuset tyder på at husdyr kan ha vore halde i same hus som folk når dei ikkje har stått ute. Vikingtidstunet på Moi vart truleg etablert på 900-talet, og har vore i bruk til langt inn på 1200-talet.

Utgravingsområdet på Sandnes med eit nordleg tun (hus 1-2, og smieområde) og eit sørleg tun (hus 3-7), og andre strukturar.
På Sandnes var det to langhus om lag 30 m frå kvarandre, retta om lag aust-vest. Langhuset i sør var i bruk i lang tid, og vart endra fleire gonger. Den tidlegaste bygningen var den minste (hus 7). Denne vart rive og erstatta av ein større bygning (hus 3A), som seinare vart utvida i bredda, og veggkonstruksjonen vart delvis endra (hus 3B). På det største var huset ca. 24,5 m langt og 7 m breitt. Ytterlegare tre mindre og uregelrette bygningar (hus 4-6) ligg saman med hus 7/3A/3B og dannar eit halvt lukka tun. Husa har delvis overlappande dateringar frå stolpehol til ca. 770-980 e.Kr. Fasane i langhuset tyder på ei lang brukstid, og ein kan sjå føre seg at det første langhuset vart reist tidleg på 800-talet, og vart bygd om i løpet av dei neste 200 åra. Dateringar av forkola tre frå eldstader i hus 3A/3B tyder på at langhuset har vore i bruk til godt innpå 1000-talet. Dei andre husa kan ha vore brukt gjennom hele brukstida til langhuset, eller berre i kortare periodar.
Langhuset i nord (hus 1) hadde éin bruksfase, og få teikn på reparasjonar eller utskiftingar. Huset var om lag 22 m langt og 5,5 m breitt. I nordvest låg ein mindre bygning (hus 2) vinkelrett på langhuset, medan den nordlege og austlege avgrensinga av tunet fall utanfor utgravingsområdet. Dateringane tyder på at desse husa vart oppførte på 900-talet, og soleis at dette tunet vart etablert seinare enn det sørlege tunet.

Til venstre: Arkeologane Solfrid Granum, Martina Svensson, Óskar L. Arnarsson, Mari D. Hartvigsen og Heidi Eltoft reinsar fram hus 1 på Sandnes. Til høgre: Hus 3A/3B/7 på Sandnes etter undersøkinga. Foto: Camilla C. Wenn, Kulturhistorisk museum.
Samanlikna med hus frå eldre jernalder, ca. 500 f.Kr. til 570 e.Kr., har få hus vore undersøkte frå merovingartid og vikingtid, fram til ca. 1050 e.Kr. Ytterlegare eit samtidig eksempel frå Setesdal finst likevel, på Skarg ved Bossvatn i Bykle kommune. Her har ei hustuft på minst 20 m lengd og ca. 5,6 m breidde vorte undersøkt. Vikingtidshusa som har kome fram i Setesdal er uvan kost som kan fortelje oss om andre sider ved vikingtida enn det me får frå gravene.
Dyrka og eta og halda hus
På og rundt tuna på Moi og Sandnes vart det òg funne kokegropar til matlaging. Kokegropar krev meir innsats og ressursar enn eldstader, og vart truleg ikkje nytta til daglegdags matlaging. Kan hende vart dei nytta til større samlingar og feiringar på tuna. Tjukke dyrkingslag fortel om jordbruket, og analyser av brente korn og pollen syner fram vekstane i nærleiken. På Langeid vart det dyrka bygg og rug vedvarande frå før Kristi fødsel og inn i mellomalder, om lag år 1200, mens det har vore beitemarkar omkring. På Sandnes og Kveste har dyrkinga starta seinare, men seinast i vikingtid var store delar av slettene fulle av havre og bygg, kanskje også kveite, mens beitet truleg har vore i utkantområda. Spor av andre mat- og fôrplantar har blitt funne i og kring husa. Analysar av brende bein syner at ein har ete storfe, får, geit, tamsvin, fugl og ein type laksefisk, truleg sik.
På Sandnes har det vore arbeidd med jern vest for hus 2. Analysar av slagg og jordprøver tyder på at ein både har foredla råjernet, luppar frå jernframstillinga, og laga gjenstandar av det reinsa jernet. Jernet har truleg vore framstilt i heiane som krinsar om dalen. Frå Hovden, øvst i dalføret, finst rikelege spor etter jernframstilling. Produksjonen var størst i mellomalder, men han starta allereie om lag 500 e.Kr., og gjekk føre seg gjennom vikingtida.
Og så kjem slutten…

Arkeologane Josefine K. Sandvik, Heidi Strandmann, Liv G. Lofthus og Johanne C. F. Hortemo undersøker gravfeltet på Langeid. Foto: Camilla C. Wenn, Kulturhistorisk museum.
Gravfunn har vist at setesdølane i vikingtid har fått med seg flotte gravgåver. Undersøkinga av eit gravfelt med 21 såkalla flatmarksgraver på Langeid støtta opp om dette, men gav oss også mykje anna informasjon. Gravfeltet var truleg i bruk ei avgrensa periode på 900-talet og første halvdel av 1000-talet. Flatmarksgraver er groper gravne ned i bakken og hadde ikkje gravhaug over. Mange har likevel vore markerte i overflata, med til dømes heller, rundkamp eller stolpar, så man enkelt fann att gravene. Som regel vart leikamen lagd i graven heil, men nokre vart kremerte før gravlegginga.
Kvardagsgjenstandar som knivar, eldslagingsstål og flint, bryne, nøklar, spinnehjul og andre tekstilreiskapar var vanlege. Våpen som økser, sverd, spyd og piler tyder på at ein skulle kunne forsvara seg. Spenner og smykke i bronse og sølv, og fargerike perler i glas og rav vitnar om at ein pynta seg. Mange av perlene kom langvegsfrå, og saman med vektskåler, tyske, engelske og arabiske myntar og anna sølv som var klipt opp fortel oss at dei handla med omverda langt unna dalføret.

Vektlodd, myntar og andre sølvklipp frå Langeid. Foto: Ellen C. Holte, Kulturhistorisk museum.
Det kan synast som noko fleire menn enn kvinner vart gravlagde på Langeid, men sidan det nesten ikkje fanst skjelettrestar, er dette uklart. Det vart funne få barnegraver. I nokre graver har meir enn ein person vorte gravlagd, men truleg ikkje på same tidspunkt. Gravplassen på Langeid har vore for eit lokalsamfunn, der det nok har vore forskjellar mellom folk, men dei var ikkje nødvendigvis så store. Eit anna aspekt er at fleire graver har vorte forstyrra ikkje lenge i ettertid. Det er tydeleg at nokon har teke seg inn i gravene, teke gjenstandar og flytta på dei døde.
Flatmarksgravene kjenner me andre stader i Setesdal, til dømes på Hovet i Valle kommune, og på Senum i Bygland kommune. Haugar vart likeeins brukte som gravminne. Restane av gravhaugar på Sandnes, Hovet og Langeid kan ikkje dateras sikkert til vikingtida, men det finst andre døme, for eksempel på Nomeland. Det er påfallande at mange av dei heidenske vikinggravene i Setesdal er svært seine, og stammar frå ei periode der kristninga i Noreg var omfattande, særleg i kyststroka. Setesdal, og truleg andre djupe dalføre, held derimot på dei gamle tradisjonane. Flatmarksgravene og gravhaugane med gravgåver er som type heidenske og ikkje kristne. Likevel hadde ein av gravene på Langeid et praktsverd med tydeleg kristen symbolikk (sverdet kan du sjå på utstillinga VÍKINGR), der ei mogleg tolking er at eigaren har vore med i hæren til den kristne kong Knut mektige.

Langeidsverdet frå sein vikingtid. Foto: Ellen C. Holte, Kulturhistorisk museum.
Hittil har me ikkje hatt moglegheit til å undersøke hus, tunområde og kvardagsaktivitetar med samstundes graver på same stader. Dei resultata me har så langt, tyder likevel på at sjølv om me ikkje kan følgje familiane på gardane heilt inn i grava, har busetnadane me undersøker vore representative for gravene, og omvendt.

Kart over lokalitetane som er nemnde i teksten og dagens tettstader.
Om du vil lese meir om vikingane spesielt og fortida generelt i Setesdal kan desse tipsa vere av interesse; lenker til Kulturhistorisk museums utgravingsrapportar finst ved stadnamna i teksten over.
Glørstad, A. Z. T. 2020: The Cross and the Sword: Signs of Dual Religious Belonging in a Late Viking-Age Warrior Grave at Langeid, South Norway. I A. Pedersen & S. M. Sindbæk (red.): Viking encounters. Proceedings of the Eighteen Viking Congress, s. 198–210. Aarhus Universitetsforlag, Århus.
Glørstad, Z. og C. C. Wenn 2017: A view from the valley: Langeid in Setesdal, South-Norway – a Viking Age trade station along a mercantile highway? I Viking-Age Transformations: Trade, Craft and Resources in Western Scandinavia, redigert av Z. Glørstad og K. Loftsgarden, s. 191-211. Ashgate.
Jansen, L., I. Paulsen og N. O. Sundet (red.) 2014: Spor i Setesdalsjord. Bokbyen forlag AS, Tvedestrand.
Larsen, J. H. 1980: Vikingtids handelsplass i Valle, Setesdal. Universitetets Oldsaksamling Skrifter. Ny rekke. Nr. 3. Oslo
Larsen, J. H. 1984: Graver fra sen hedensk tid i Aust-Agder. Universitetets Oldsaksamling Årbok 1982/1983, s. 173-181. Oslo.
Larsen, J. H. 2000: Vikingtidsfunn fra Aust-Agder. Agder i fjern fortid. Skriftserien nr. 72. Høgskolen i Agder, s. 21-57. Kristiansand
Loftsgarden, K. og C. C. Wenn. 2012: Gravene ved Langeid – foreløpige resultater fra en arkeologisk utgravning. Nicolay arkeologisk tidsskrift, 117, s. 23-32
Løken, T. 1971: Dødehus over vikingtidens flatmarksgraver? Nicolay arkeologisk tidsskrift 9:17-21.
Reitan, G. 2011: Moi – ett jorde, én gård, mange faser? Fra bronsealder til vikingtid og middelalder i Bygland, Setesdal. Viking LXXIV, s. 165- 191. Oslo
Rolfsen, P. 1977: En fjellgård fra jernalderen i Bykle. Viking XL, s. 79-128. Oslo.
Vike, V. 2016: «Det er ikke gull alt som glimrer»: bredøkser med messingbeslått skaft fra sen vikingtid. Viking LXXIX, s. 95–116.
Wenn, C. C. 2020: What happened at Langeid? Understanding reopened graves after time has taken its toll. I E. Aspöck, A. Klevnäs & N. Müller-Scheeßel (red.): Grave Disturbances: The Archaeology of Post-depositional Interactions with the Dead s. 137–156. Oxbow Books, Oxford.
Wenn, C. C., Ó. Arnarsson og G. B. Bukkemoen 2015: Hus, haug og det omkring – Arkeologiske undersøkelser langs rv. 9 i Setesdal. Nicolay arkeologisk tidsskrift 126:29-36.
Rapporter fra utgravninger etter denne artikkelen ble publisert:
Forsetløkken, L. 2022a: Rapport fra arkeologisk utgravning. Smie/produksjonsplass fra sen vikingtid/tidlig middelalder. Rv9 Besteland-Helle, 70/4, Valle kommune, Agder. Arkeologisk utgravningsrapport. Arkeologisk seksjon, Kulturhistorisk museum, UiO.
Forsetløkken, L. 2022b: Rapport fra arkeologisk utgravning. Bosetningsspor, produksjonsområde, dyrkningsspor og avfallslag fra romertid/tidlig middelalder. Rv9 Rotemo-Lunden, 22/6, Valle kommune, Agder. Arkeologisk utgravningsrapport. Arkeologisk seksjon, Kulturhistorisk museum, UiO.