Utgravingsprosjekt Lomeland, Gjesdal

Vegfar til fortida på Lomeland – vikingtidshus, holveg og anna gammalt langs Fv 45 i Gjesdal kommune

30.09.19
Lomeland i Gjesdal kommune

I sommar gjennomførte Am, UiS ei undersøking av lokalitetane id 221289 og 221290 i samband med vegutbetring av Fv 45 ved Lomeland mellom Ålgård og Oltedal.
Rogaland fylkeskommune hadde tidlegare registrert m.a. stolpehol (14C-datert til sein vikingtid / tidleg mellomalder), dyrkingslag og nokre kokegroper i skråninga rett ovanfor Fv 45, og moglege røysrestar i bakken nedanfor vegen.

Utgravinga innan perioden juni-august år påviste fleire spennande spor og gjenstandsfunn etter hendingar og busetnad i fortida på Lomeland.

Den maskinelle flateavdekkinga på id 221290 nord om vegen viste at dei omtalte stolpane høyrde til den vestre langveggen i eit treskipa langhus, lokalisert på ein låg rygg i terrenget på Felt 1. Langhuset (Hus 1) var noko øydelagt av Fv 45 i den sørlege delen, medan den nordlege avgrensinga er meir uavklart grunna forstyrringar i denne enden. Dei bevarte spora (for det meste stolpehol) fortel om ein fleirfasa bygning som var c. 6.5 meter brei og med ei påviseleg lengde på c. 18, 5 meter. Det totale fråværet av eldstadsrestar kan tyde på at dette har vore eit hus utan slik varmekjelde, og dermed mest truleg med bruksfunksjon som fjøs og/eller lager.

I området rett vest for Hus 1 fanst det spreidde og dårleg bevarte spor (stolpehol, groper, eldstadsrestar) etter andre konstruksjonar, her blei det også funne nokre bryner og ein del slagg. Truleg har dette vore del av det same busetnadsområdet som langhuset.

Eit stykke aust om Hus 1 vart det opna opp eit Felt 2 der registreringa tidlegare hadde funne kokegroper og dyrkingslag ved prøvesjakting. Innan Felt 2 viste det seg å vere endå fleire kokegroper pluss nokre stolpehol som kan ha tilhøyrt ein liten bygning her (Hus 2). Det vart gjort fleire gjenstandsfunn i dette området, særleg leirkarskår og slagg. Eit av skåra stammar frå eit spannforma leirkar, noko som peikar mot aktivitet her i romartid – folkevandringstid. Det blir spennande å få 14C-dateringar frå fleire kontekstar her – det at stolpehola var skore ned i eldre dyrkingslag tyder på busetnad i området tidlegare i bronsealder – eldre jernalder.

Oversyn over anleggsspor påvist på Lomeland

Undersøkingane tilknytta id 221289 sør om Fv 45 (Felt 3) viste seg å bli meir krevjande enn det omtalte arbeidet på nordsida av vegen.
Her i skråninga ned mot vatnet Nebbetjørna fann ein raskt att dei steinfylte anlegga som fylkeskommunen si registrering hadde påvist. Men utfordringa var å forstå kva dette var for noko – var det gravrøys, rydningsrøys eller noko anna?

Det vart tidleg klart at det iallfall var snakk om fleire skilde anlegg, der det eine (mot vest og nord) var altfor langt og smalt til å vere ei røys. Undersøkinga av dette i plan og i profil (snitting ved hjelp av gravemaskin) viste at det inneheldt fleire lag/fasar av stein (med funn av glasperle, vevlodd og slagg i dei øvre delane og grovt, udekorert leirkarskår i dei nedre): utforminga og lokaliseringa i landskapet gjer at ein per i dag held på ei tolking av dette som ein mogleg fleirfasa holveg her i bakken mellom busetnaden lenger oppe på høgdedraget og vestenden av Nebbetjørna (eit «vegkryss» der fleire vegfar møtest enno i dag).

Mogleg fleirfasa holveg på Lomeland

Steinkonsentrasjonane lenger mot aust vart først grave for hand, utifrå ei arbeidshypotese om at dette var ei form for gravrøys (det vart funne fragment av malesteinar og grove, udekorerte leirkarskår i og ved denne). Då ein etterkvart ikkje kunne påvise noko gravkontekst, valde ein å få hjelp av gravemaskin til å demontere resten av anlegget – som inneheldt tonnevis av sorterte steinar, i fleire lag. Dette gav «meir av det same» – fleire liknande gjenstandsfunn, men ingen klar gravkontekst. Det er ikkje noko som tyder på at verken holvegen eller den andre steinsamlinga er frå nyare tid.

Stratigrafisk sett synest holvegen å vere yngst av desse to, men dette blir det spennande å finne meir ut av ved hjelp av 14C-dateringar – framhald følgjer i løpet av hausten og vintaren om fortida på Lomeland!