Gjennom sommaren vert det i samband med E18 Langangen–Lanner-prosjektet gjennomført ei arkeologiske undersøking av fire steinalderbuplassar sør på Sundsåsen, i Porsgrunn kommune. Den høgstliggande og eldste buplassen, Blåfjell 1 (8000–7500 f.Kr.), ligg delvis under ei kolmile og elles mellom bergsider og sterkt forvitra bergkuler.

Blåfjell 1, sett mot sør, mellom bergsider og under ei kolmile. Noverande E18-bru over Langangsfjorden i bakgrunnen. Foto: T.J. Granados/KHM.
Undersøkinga av Blåfjell 1 er konsentrert til to områder med ulike høgdenivå: eit sentralt platå, og sørvest for denne, ei mindre helling tett inntil ei bergside. Det er tydeleg at buplassen inkluderer fleire soner for aktivitet og opphald. Allereie i den innleiande fasen av undersøkinga vart det klart at botnen etter ei stor kolmile, truleg frå nyare tid (1600–1900-talet), dekte heile det sentrale platået på buplassen.

Kolmila (svart runding innanfor den gule ringen) på det sentrale platået av Blåfjell 1. Foto: T.J. Granados/KHM.
Under kolmila fanst eit tynt erosjonslag av grus, og under det att, eit grått sandlag. Dette gråe sandlaget var funnførande og vert antatt å vera ei eldre utvaska markoverflate – sjølve buplassnivået frå steinalderen. Før oppstart av den manuelle utgravinga i ruter og lag, vart ein liten gravemaskin nytta til kontrollert fjerning av det øvste kolmilelaget og det grusete erosjonslaget under, og rutegravinga vart konsentrert til det gråe laget.

Arkeolog Morten Vetrhus fotograferer tverrsnittet av platået. Det funnførande, gråfarga laget er bevart under eit grusete erosjonslag og eit svart kolmilelag. Foto: T.J. Granados/KHM.

To eldstader/kokegroper i profil, kanskje spor etter matlaging på staden omkring 8000 f.Kr. Begge gropene var tettpakka med stein, men med lite synleg trekol. Me vonar likevel å finne daterbart trekol i prøver tekne ut frå fyllmassane i desse to og at dateringane kan tidfesta aktivitetane på staden i eldre steinalder. Foto: G. Reitan/KHM.
Så langt er det samla inn om lag 2000 steingjenstandar frå Blåfjell 1. Ein del av steingjenstandane er langsmale stykker med parallelle sidekantar, omtalt som flekker på fagspråket. Sjølv om lengde og breidde kan variera noko, er flekkene ofte standardiserte slik at dei kan passe inn og limast fast som skarpe egger langs sidene på slipte pilspissar av bein (flinteggpiler). Funn av slike flekker syner at framstilling og vedlikehald av prosjektilar og jaktutstyr har vorte utført på Blåfjell 1. Prosjektilane vart nytta til jakt på både landvilt og havpattedyr.

Kjerner med konisk fasong (øvst) og mikroflekker/flekker (nedst), begge kategoriane er typiske for eldre steinalder. Flekkene har gjerne spor langs kantane etter tilpassing og bruk som odd eller egg i småreiskapar. Foto: T. Granados/KHM.

Ei lita slipeplate (ca. 8 x 8 cm) av sandstein fra Blåfjell 1. Slipeplata har fullstendig glattslipte flater på begge sider og er truleg nytta til finarbeid. Kanskje til sliping av småreiskapar som fiskekrokar av bein? Foto: N.K. Hansen/KHM.
Så langt er vårt inntrykk at Blåfjell 1 representerer eitt eller få korte besøk over ein periode som truleg kan tidfestast til om lag 8000 år f.Kr. eller like etter. På bakgrunn av steingjenstandane og storleiken på buplassen skal den truleg kategoriserast som ein liten opphaldsplass, kanskje nytta av mindre (jakt-) grupper.
Frå området omkring Langangsfjorden har få buplassar blitt undersøkte, som kan vera samtidig med Blåfjell 1. Resultata frå Blåfjell 1 vil difor sjåast i samanheng med andre undersøkte buplassar i regionen, og vil vera med på å bygge innsikt om utviklinga av busetnad i eldre steinalder.
Godt jobba! Eg ser at møkje reidskaper har blitt funnet. Slipeplata var også imponerande då den var heil.