Arkeologi i Nordfjella i samband med sperregjerder, reinsdyr og skrantesjuke
I fem veker har Universitetsmuseet i Bergen arbeidd i fjellområda mellom Lærdal og Hemsedal og Aurland-Hol. Arbeidet har for det meste forgått i eit typisk høgfjellsmiljø, 1000-1400 moh. Bakgrunnen for undersøkingane er oppsetting av kilometerlange sperregjerde for å hindre spreiing av sjukdommen Skrantesjuken (Chronic Wasting Disease) som er påvist på reinsdyr i dette området. Arbeidet med å stoppe spreiing av sjukdommen er av nasjonal betyding. Difor har dei arkeologiske undersøkingar vore gjennomført raskt og effektivt i tett dialog og samarbeid med Riksantikvaren, og ulike statlege organ som Mattilsynet, Reindriftsavdelinga ved Fylkesmannen i Sør Trøndelag og Miljødirektoratet. Me har registrert og delvis undersøkt nærmare 30 lokalitetar. Storparten av desse er frå steinalder.

Me samarbeidde med fleire institusjonar. På denne synfaringa i Aurlandsfjella deltok mellom anna Ingo Danielsen, Reindriftsavdelinga ved Fylkesmannen i Sør Trøndelag, Lísabet Guðmundsdóttir, Universitetsmuseet i Bergen og Harald Skjerdal, Aurland Fjellstyre.
Verkstadsplassar og kvartsittbrot
Grunnen til at ein finn så mange lokalitetar i dette område er dei kjende kvartsittbrota ved fjellet Kjølskarvet i Lærdal. Kvartsitt her i frå er spesielt eigna til reiskapsproduksjon. Denne grønbanda, finkorna og lett spaltbare kvartsitten var ettertrakta i steinalderen som råstoff til mellom anna pilespissar, knivar og skraparar. Lærdalskvarsitten har difor vore eit viktig råstoff til reiskapsproduksjon gjennom mange tusen år, truleg frå midten av eldre steinalder gjennom steinalder og bronsealder til dei fyrste hundreåra av jernalderen før Kristi fødsel.

Tiltak for å hindre spreiing av skrantesjuken er av nasjonal betyding. Våre undersøkingar gjekk difor føre seg før, samstundes og etter sperregjerde vart sett opp. Avbilda: Tina Jensen Granados, Adam Hultberg, Mike House, Howell Magnus Roberts og Kjetil Loftsgarden.
Frå verkstadsplassar i nærområda til brotstadane er kvartsitten frakta som halvfabrikata og lett transporterbare emnar til buplassar både på austsida og vestsida av vasskiljet. Me finn gjenstandar av lærdalskvartsitt på steinalderbuplassar frå innhaldet i Oppland, Buskerud og Telemark, og vestover til lokalitetar frå Bergensområdet og nordover til dei ytre stroka i Nordfjord. Undersøkingane har gjeve oss eit unikt innblikk i bruken av området, korleis kvartsitten i fyrste omgang vart omarbeidd og legg ytterlegare tyngde bak betydinga av kvartsitten frå Kjølskarvet.
Mellom aust og vest
Lokaliseringa er mest sannsynleg også ein avgjerande faktor for utbreiinga av kvartsitt frå Kjølskarvet. Området ligg i vasskiljet mellom Hemsedal og Lærdal og har vore, og er, ein viktig ferdselsåre mellom aust og vest. Kongevegen som går gjennom området er ein synleg påminning om dette. Ved undersøkingane har me funne fleire spor som vitnar om området sin sentrale plasserring. Mellom anna har me granska spor som truleg kan knytast til eldre vegfar forut for kongevegen.
Langt inne i fjellheimen har me dessutan dokumentert små steinbygde buer, samt oppmuringar av stein ved store steinblokker. Tolkinga er usikker, men det verkar ikkje urimeleg at desse kan ha vore i bruk som midlertidige overnattingsplassar av driftekarane. Dette var Vestlandets cowboyar, som førte storfe frå fjordstroka opp til fjellbeite før dyra ut mot hausten blei seld på marknadsplassar så langt aust som Kongsberg, Drammen og i Oslo-området. Ei anna tolking er at dette er spor etter gamle buer brukt i samband med reinsjakta eller midlertidig overnatting i tilknyting til ferdsel og kommunikasjon.
Støl
I dei meir lågareliggande områda kjem sperregjerda tett opp mot stølar og stølsområde. Me har søkt i det lengste å unngå konflikt med stølsområda då dei representerer anlegg som er viktig for tydinga av kulturlandskapet og dei er vitnesbyrd over den lange tidsbruken stølsdrifta har i Indre Sogn. Berre nokre mindre sjakter er anlagt, og då berre for å avklare statusen til meir usikre stølstufter.