Utgravingsprosjekt Svortland

Svortlandhakka komplett!

15.05.15
Av Trond Eilev Linge

I førre innlegg frå Svortland fortalde vi om tre fragment av ei hakke i grønstein som var funne i nærleiken av kvarandre på lokaliteten. Det såg ut til at fragmenta utgjorde omlag halvparten av ei dobbelhakke, knekt ved skaftholet. Med ei knapp veke att å grave på hadde vi eit lite håp om at den manglande delen skulle dukke opp før vi avslutta.

 

Det mangla difor ikkje på motivasjon dei siste feltdagane, men det var mykje att å grave, også i område langt frå funnstaden til hakkefragmenta. Dei tre fragmenta hadde alle blitt funne i den vestlege delen av utgravingsområdet og nær der vi hadde valt å behalde ein profilbenk. Dei to siste dagane kunne vi derimot gå laus på profilbenken. Likevel varte det og rakk før jubelen kunne bryte laus. Først godt inn i siste dag, klokka inn på 1 time og 12 minutt før vi måtte stoppe å grave, kom den magiske augneblinken.

Den siste delen var litt stuttare enn dei vi hadde funne frå før, men var nesten heil da berre eit litte stykke av tuppen mangla. Tilsvarande manglar også den ytterste delen i den andre enden. Samla lengd på fragmenta er omlag 37 cm. Breidda ved skaftholet er rundt 7 cm. I følgje oversikta i Øystein Skår si hovudfagsoppgåve er dette den største hakka som er funne i vårt museumsdistrikt.

Det er mest truleg at hakka aldri har vore teken i bruk. Funna elles på lokaliteten består mykje av avfall og økseemner i grønstein. Det er også funne ein del slipeplater. Samla gir dette inntrykk av at lokaliteten har vore nytta til produksjon av grønsteinsøkser. Hakka viser da at grønsteinssmedane også produserte større og meir kompliserte reiskapar. Hakka har fint prikkhoggen overflate og ein fin fasett som strekker seg over heile ryggen. Det er mogleg at ein har planlagt å slipe overflata som ein siste avslutning. Det er i alle fall funne enkelte øydelagte hakker i buplasskontekst tidlegare der ein ser spor av påbyrja sliping. Men så langt kom ein altså ikkje. Truleg kom ein på eit dårleg parti da ein laga skaftholet, slik at hakka vart delt i fleire fragment. Desse fragmenta vart så kasta i ein avfallsdunge saman med tusenvis av grønsteinsavslag og enkelte kasserte økseemner.

200dpiDSC_2380

Overflata er prikkhuggen med ein gjennomgåande fasett over heile ryggen til hakka.

DSC03462

Oversiktsfoto av lokaliteten. Hakkefragmenta er funne i det våte området nærast kamera. Austlege delen av lokaliteten består av ei rydda flate som truleg har fungert som arbeidsområde for grønsteinsmedane.

 




Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.





Follow

Get every new post on this blog delivered to your Inbox.

Join other followers: