Utgravingsprosjekt Svortland

Ei grønsteinshakke frå Svortland på Bømlo

09.05.15
Av Trond Eilev Linge

Universitetsmuseet i Bergen har i fire veker halde på med utgraving av ein steinalderbuplass på Svortland i Bømlo i samband med utbygging av eit bustadfelt. Bømlo er vidgjeten innan steinalderarkeologien for dei mange råstoffkjeldene som har vore utnytta her. På Hespriholmen har tusenvis av emner til grønstein vore teke ut, og frå toppen av fjellet Siggjo har rhyolitt, i hovudsak nytta til pispissar, blitt brote ut. Truleg har også klebersteinførekomstar på Bømlo vore nytta til fiskesøkker og større reiskapar som hakker og køller.

DSC_2157_200

Lokaliteten ligg i eit lunt daldrag i det som ein gong har vore enden av ei lita vik.

På buplassen vi grev ut er grønstein det klart dominerande råstoffet. Rhyolitt har vi ikkje funne. Staden ville ha lagt fint til i eit lunt daldrag i botnen av ei lita vik da havet stod om lag 12 meter høgare enn i dag. Ein slik situasjon hadde vi da tapestransgresjonen nådde sitt maksimum for om lag 7000 år sidan. Da var enno ikkje rhyolittbrota på Siggjo tekne i bruk. Mesteparten av materialet vi så langt har gravd ut passar også med ei slik datering til siste del av seinmesolitikum.
Grønsteinsmaterialet er dominert av grove avslag. Råstoffemner, økseemner og økser i grønstein er også funne. På staden har ein tydelegvis bearbeida råemne av grønstein og produsert økser. Kanskje er emna henta frå Hespriholmen? Svortland ligg likevel eit godt stykke lenger nord enn dei mest naturlege «ilandføringsstadane» for Hespriholmgrønstein, så vi vil etter kvart vil sjå nærare på om delar av materialet kan stamme frå andre, enno ukjente, grønsteinsbrot.

DSC_2207_200

Den siste biten er akkurat funnen og matchar perfekt med fragmenta som vart funne ei veke tidlegare.

 

Praktreiskap
Midt oppe i dette har det også dukka opp ein skikkeleg godbit, som viser at ein også har produsert større reiskapar enn økser. Vi har funne to delar som truleg utgjer om lag halvparten av ei hakke framstilt i grønstein. Hakka har kome fram i tre delar. Først fann vi to delar, kløyvd på langs og knekt ved skaftholet. Seinare fann vi mesteparten av partiet vidare fram mot hakkespissen. Dei tre bitane passar saman og er samla over 20 cm lange. Men framleis manglar altså kanskje så mykje som halvparten, og vi håpar sjølvsagt resten skal dukke opp før utgravinga vert avslutta. Er det ei dobbelhakke, er det snakk om ein særs stor reiskap framstilt i grønstein. Overflata er fint tildanna med tette prikkhoggingsslag. Skaftholet har vore bora ut, truleg ved hjelp av ein rørknokkel.
Måten hakka er funnen på tyder på at den er tilvirka på staden. Truleg har noko gått gale i produksjonen; kanskje har ein treft på eit svakt parti i steinen da ein laga skaftholet? Ei nesten ferdig hakke hamna i avfallshaugen. Vi anar tusenårige ekko av kraftglosar hjale over lokalitetsflata!

 

Prestisjeføremål og rituell reiskap
For det var neppe her hakka var meint å skulle ende. Truleg skulle den vidare gjennom byttenettverka som spreidde reiskapar av grønstein frå Bømlo over store delar av Vestlandet nord til Sognefjorden. I følgje ei hovudoppgåve om hakkene er det funne 21 hakker i vårt museumsdistrikt. Hakkene kan vere laga i harde bergartar som grønstein, men og i mjuke som kleberstein. 21 hakker er langt færre enn talet på samtidige bergartsøkser, og tyder på at hakkene skal sjåast på som meir eksklusive og prestisjefulle reiskapar. Fleire meiner dei har inngått i rituelle samanhengar i steinalderen. Ein har funne att fleire slike hakker som lausfunn på stadar som tyder på offernedleggingar, så som i vatn og elvar. Når ein finn dei på buplassar er det oftast som fragmenterte og øydelagte eksemplar, som i vårt tilfelle. Buplassfunna gir likevel ofte høve til å tidfeste gjenstandane. Så langt tyder dateringar av hakkene på at dei høyrer til ein tradisjon som tok til for vel 9500 år sidan og varte i knapt 2000 år. Det interessante her er at denne dateringsramma sluttar vel 500 år tidlegare enn den mest sannsynlege tidfestinga av vår lokalitet. På dette tidspunktet ville ikkje lokaliteten ha ei like openberr tilknyting til strandlinja som den hadde ved tapes maksimum. Vi er difor særs spente på kva vi får av dateringar rundt funnstaden til hakka og på lokaliteten elles.

 

Kjelde:
Skår, Øystein 2003 Rituell kommunikasjon i seinmesolitikum. En analyse av hakker og køllers symbolske betydning. Hovudfagsoppgave i arkeologi, Arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen.




Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.