Utgravingsprosjekt Sømmevågen

Over 6000 år gamle menneskebein

22.07.14
Av Trond Meling
Eit tilnærma heilt overarmsbein og ein bit av ein underarm

For litt over to månader sidan vart det avdekking i Sømmevågen funne menneskebein. Beina utgjer eit tilnærma heilt overarmsbein, samt ein liten del av ein underarm. Ein bit av overarmsbeinet vart sendt til Beta Analytic for datering, og dateringa ga ca. 4400 f.Kr., altså slutten av seinmesolitikum. Denne dateringa stemmer svært bra med funnmaterialet frå Sømmevågen, som hovudsaklig kan daterast til seinmesolitikum og tidligneolitikum.

Beina vart funne i overgangen mellom det nedste torvlaget og den marint avsette undergrunnen. Dette er i same nivå som dei fleste beina frå Sømmevågen er frå. Menneskebeina låg også i same område kor vi har funne mykje dyrebein, eit område som vi har oppfatta som ei form for mødding i nedkant av sjølve busettinga.

Staden der menneskebeina vart funne

Staden der menneskebeina vart funne

På grunn av jamt tilsig av grunnvatn har det tatt litt tid før vi kunne ta til med nærare granskingar av funnstaden. Grunnvatnet har no gått litt ned, så denne veka byrja vi med å undersøke området. Så langt har vi ikkje sett noko tydeleg konstruksjon der beina vart funne, men ved oppreinsking av området før graving fann vi bitar av eit handledd. Så det er med stor spenning vi no tek til med sjølve gravearbeidet. Vil vi finne ei tydeleg grav med gravgåver o.l., eller er beina restane av ein person som er lagt på kjøkkenmøddingen?




Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.





Follow

Get every new post on this blog delivered to your Inbox.

Join other followers: