Utgravingsprosjekt Sømmevågen

Beinharpun frå Sømmevågen

02.07.14
Av Trond Meling

I tidlegare blogginnlegg har vi understreka at det er svært gode bevaringsforhold for organisk materiale i Sømmevågen. Mellom anna er det funne mykje ubrende bein, særleg i ytterkantane av sjølve buplassflatene.

Det aller meste av det ubrende beinmaterialet vi har funne so langt ser ut til å vera slakteavfall, og inntil nyleg har vi ikkje kome over reiskaper i bein. For to veker sidan fann vi det vi først trudde var eit tildanna trestykke. Men nærare granskingar (røntgen og XRF-målingar) av gjenstanden viser at den er i bein. Både forma og storleiken tyder på at det er snakk om ein harpun.

I eine enden er harpunen spissa/avrunda, mens det er ein gamal brotflae i den andre.

I eine enden er harpunen spissa/avrunda, mens det er ein gamal brotflae i den andre.

Harpunen er i overkant av 30cm lang og har eit tverrmål på rundt 2cm. I den eine enden er den spissa/avrunda, mens det er spor etter ein gamal brotflate i den andre. Harpunen har med andre ord vore noko lengre.

Fig 3 blogg 4

Dei to tappane er truleg restar etter mothaker og dei ser ut til å vera satt inn i harpunen og festa med harpiks

Vi har ikkje sett spor etter ornering på harpunen, men i den avbrotne enden, like nedanfor brotflata, stikke det ut to små tappar i bein. Rundt desse tappane ser det ut til å vera harpiks, noko som tyder på at dei er satt inn i beinstykket. Tappane ligg parallelt ovanfor kvarander og er truleg spor etter mothaker.




Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.