Utgravingsprosjekt

Sakkastad Hageby


Sted: Haugesund, Rogaland,
Ansvarlig institusjon:
Kontaktperson: Even Bjørdal

Tidsrom: April-juni, 2017


Om prosjektet

I løpet av vår og tidleg sommar 2017 gjennomfører museet ei utgraving på Sakkastad, i dyrka mark ikkje langt frå Haugesund sentrum. I samband med områderegulering for Sakkastad hageby, er det naudsynt å få undersøkt nærmare dette området der det tidlegare er registrert spor og restar etter førhistorisk busetnad og jordbruk frå høvesvis både slutten av steinalderen, bronsealder og jernalder. Informasjonen frå registreringsundersøkinga utført av Rogaland fylkeskommune på staden i 2014, tyder på at vi i år vil finne restar etter fleire hus, inkludert ei smie frå eldre jernalder. Den eldste daterte aktiviteten på staden, er frå dyrking av jorda her i perioden ca. 2100 – 1450 f. Kr. Moglegvis kan vi klare å finne spor også etter bustadane til desse tidlege bøndene, det vil i så fall vere eit uvanleg og sjeldant funn frå Nordfylket.

Follow

Get every new post on this blog delivered to your Inbox.

Join other followers: