Utgravingsprosjekt Øvre Øystese

Tuft frå eldre jarnalder på Øvre Øystese, Kvam herad

15.09.13
Av Trond Eilev Linge

 

Det som i utgangspunktet skulle vere ei utgraving av eit kokegropfelt i Øystese i Hardanger, viste seg å by på ei overrasking. Heit til slutt i avdekkinga av feltet kom det fram ein omlag 18 meter lang mur. Samstundes byrja det å dukke opp keramikk.

Lokaliteten ligg på ein terrasse omlag 90 moh like nord for sentrum av Øystese. Frå terrassen er det vidt utsyn over Øystesebygda og Hardangerfjorden. Matjordlaget i området viste seg fleire stadar å vere grunt. Ofte kom vi rett ned på berg, og dei første kokegropene dukka opp i mindre lommer mellom bergskortane. Muren kom fram i eit djupare område mellom to bergskortar, og det kan sjå ut til at den er bygd opp for å jamne ut terrenget. Innanfor yttermuren er det lagt opp stein. I austlege delen er ei veggrøft som har same retning som steinmuren. Dersom desse høyrer saman er murane  ei tuft etter eit omlag 24 meter langt og rundt 8 meter breitt hus. Vi kjenner til liknande huskonstruksjonar frå eldre jarnalder på Vestlandet, til dømes frå Modvo i Luster, Sogn og Fjordane. Så langt er det på Øvre Øystese berre funne nokre få andre strukturar som stolpehol som kan tenkjast koplast til huset. Det skuldast truleg at det har lagt seg rasmassar over store delar av “husromet”. Oppå desse massane er det seinare lagt kokegroper og omnsliknande strukturar. Etter at desse spora no er dokumenterte, vert utfordringa i siste del av feltarbeidet å gå ned i rasmassane for  å avdekke fleire spor av huskonstruksjonen som ha stått her.

Under finrensing kjem det jamnt og trutt fram keramikkskår. Dei fleste skåra synast å tilhøyre spannforma leirkar, og mange er dekorerte med mønster som var vanleg for denne typen. Spannforma leirkar var i bruk i siste del av yngre romersk jarnalder og i folkevandringstid, og gjer det truleg at hovudtyngda av aktivitetsspora på lokaliteten skriv seg frå perioden mellom ca 300 og 570 e. Kr. Ved eit høve har vi funne fleire skår som høyrer saman, deponert i ein mødding. Truleg vil vi etterkvart kunne sette saman mesteparten av eit kar frå desse fragmenta.

Utgravinga skulle etter planen vere avslutta 13. september, men sidan tufta vart avdekka er det gjeve midlar til å halde fram i to veker til. Vi har utan tvil nokre spanande veker framføre oss.

135kopi

132kopi069kopi




Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.