Utgravingsprosjekt Hovland

Hovlandshagen på Bømlo – nye steinalderutgravingar i klassisk område

03.08.18
Haakon Shetelig graver på Bergensleitet i 1921. Foto/copyright: Universitetsmuseet i Bergen

I samband med utbygging av ny fiskerihamn i Hovlandshagen lengst sør på Bømlo skal Universitetsmuseet i Bergen i løpet av 2018 og 2019 undersøke 12 steinalderbuplassar. Fleire av lokalitetane er å rekne som klassikarar i vestnorsk steinalderarkeologi. Lokalitetar som Uratangen I og Bergensleitet var mellom dei første buplassane frå steinalder som vart undersøkt på Vestlandet, og både difor, og som følgje av eit rikt arkeologisk materiale, har dei ein heilt spesiell plass i faghistoria.

Gamle lokalitetar om igjen

Vi vert altså ikkje dei første arkeologane i Hovlandshagen. Lokalitetane vart påvist av Johan Larsen Vespestad i 1917, før Haakon Shetelig gjorde utgravingar i dei i 1921 og 1922. Året etter vart grønsteinsbrotet på Hespriholmen funne, og slik kunne ein kople dei store mengdene med økser, økseemner og avfall av grønstein i Hovlandshagen til brotet. Hovlandshagen har openbert fungert som landingsstad og verkstadområde der grønsteinen vart teken i land og vidare bearbeida til økser og økseemner som så vart spreidd over store delar av Vestlandet.

På slutten av 70-talet grov Sigmund Alsaker ut mindre felt på enkelte av lokalitetane i samband med magistergradsavhandlinga «Bømlo – steinalderens råstoffsentrum på Sørvestlandet». Formålet var å belyse bruken av grønstein og rhyolitt, mellom anna med tanke på brukstid.

Trinnøks av grønstein. Denne er funne på Halhjem i Os kommune. Foto: Svein Skare, Copyright: Universitetsmuseet i Bergen.

Forundersøking

Hausten 2017 gjennomførte Universitetsmuseet ei forundersøking i området. Formålet med den var å avklare omfanget til lokalitetane samt undersøke områda mellom dei tidlegare kjente lokalitetane. Fleire av desse viste seg å vere langt større enn det ein har visst tidlegare. Det synte seg også, ikkje overraskande, at det var fleire lokalitetar her enn dei vi kjente til. Samla sett viser lokalitetane til bruk av området gjennom eit tidsstrekk som dekker nesten heile steinalderen, frå før 9000 til om lag 2500 f. Kr.

 

Gamle og nye spørsmål

Å grave gamle lokalitetar på nytt gir moglegheit til å følgje opp gamle problemstillingar, samt løfte fram problemstillingar som i mindre grad har vore belyst ved dei tidlegare prosjekta. Dessutan gir det rom for å sjå dagens steinalderarkeologi i relieff mot tidlegare generasjonar sine undersøkingar.

Råstoffbruk har naturleg nok stått sentralt i dei tidlegare undersøkingane i Hovlandshagen, og da særleg bruken av grønstein. Uratangen I og Bergensleitet er til dømes sentrale i diskusjonen om når ein tok i bruk dette råstoffet, men data frå tidlegare undersøkingar gjev ikkje eintydige svar. Vi håpar og trur at prosjektet vil gje betre datagrunnlag for dette. Fokuset på råstoff har kanskje bidrege til at andre spørsmål har kome i bakgrunnen. For kva slags lokalitetar er eigentleg dette? Er det reine verkstadsplassar som har vore nytta ei kort tid medan ein tilverka grønsteinsemna, eller har folk budd her meir eller mindre fast og også halde på med andre aktivitetar som steinalderlivet innebar?

Medan spora frå steinalderen er skjult under bakken, er dei synlege spora på overflata av lokalitetane spor etter vår eigen faghistorie. Shetelig sine utgravingsfelt er framleis synlege, og ved sidan av ligg haugar med jord som vart spadd opp under utgravingane. Gamalt fotomateriale og dokumentasjon gir innblikk i korleis arkeologar arbeida med steinalder for 100 år sidan, og kven veit; kanskje vil utgravinga påvise fleire spor etter gamal arkeologisk aktivitet på staden.

Shetelig sitt utgravingsfelt på Bergensleitet er framleis synleg, og fekk gjere nytte som såldedam ved forundersøkinga i 2017. Foto/copyright: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Første del av undersøkinga vil gå føre seg i felt frå 13. august til 12. oktober i 2018. Siste del vil verte undersøkt våren 2019. Her på norark vil det kome oppdateringar frå feltarbeidet vårt, og tilbakeblikk på tidlegare feltarbeid i Hovlandshagen. Følg også med på facebook og instragram: @hovlandsarkeo.

 

 

 

 

 

 

 




Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.