Utgravingsprosjekt Hovland

Hovlandshagen – presentasjon av årets lokalitetar

02.09.18
Ortofoto over det sentrale området i Hovlandshagen. Lokalitetar markert med raudt skal gravast i 2018. Fjørelokaliteten ligg rett utanfor høgre biletkant. Dei blå lokalitetane vert undersøkt i 2019, saman med ein liten del av Storemyra som ligg rett utanfor venstre biletkant.

 

Utgravingsprosjektet i Hovlandshagen strekker seg over to utgravingssesongar. I alt skal 12 lokalitetar undersøkast, og halvparten av desse er planlagt i 2018-sesongen. Her følgjer ei kort oversikt over årets lokalitetar med litt om kva som så langt er funne, og kva forventingar vi har vidare.

 

Askeladden id. 25796 Hovland fjøra

Dette er ein lokalitetet det knyter seg stor usikkerhet til sidan det her gjort funn av grønstein heilt ned i fjøra og dels under vatn. Einskilde stader langs kysten har havnivået under delar av steinalderen vore lågare enn havnivået er i dag, og ein kan da finne buplassar som i dag ligg under vatn. Problemet i Hovlandshagen er at geologane sine strandlinjekurver syner at havnivået i steinalderen aldri var lågare enn 5 meter over dagens nivå her. Likevel er ikkje grønstein under vatn eit ukjent fenomen på Sør-Bømlo. Alt Haakon Shetelig fann fleire slike funnstadar. Så her er spørsmåla mange; kan havet likevel i periodar av steinalderen ha gått lågare enn strandlinjekurvene syner, eller er dette funn som har flytta seg frå der dei først vart lagt att. Det er fleire moglegheiter for sistnemnte. Eit er til dømes erosjon, og eit anna er at funna er skylt ut av ein tsunami. Vi veit at Bømlo vart råka av tsunamien på Storegga utanfor nordvestlandet rundt 6000 år f. kr.

 

Askeladden id. 160441 Lok. 1 Hovlandshagen

Denne lokaliteten ligg omlag 6 meter over dagens havnivå, og skal difor truleg daterast til den perioden da havet stod lågast i steinalderen, omlag midt i eldre steinalder. Sidan den ligg så lågt har den ei periode etter at den vart forlatt lagt under vatn, da havet ved Hovlandshagen seinare steig opp til omlag 12 meter over dagens nivå. Slik kan diverre funna vere rota om av sjøen og mykje av spora ein ellers kunne vente å finne vere viska ut. Lokaliteten er likevel viktig fordi denne delen av steinalderen ellers er dårleg representert på dei andre lokalitetane i Hovlandshagen.

 

Askeladden id.  45758 – Aurebettjødno XVII

Dette er ein av lokalitetane det knytast seg størst forventingar til, og utgravinga her vil gå føre seg gjennom heile 2018-sesongen. Sigmund Alsaker påviste lokaliteten seint på 70-talet. Forundersøkinga i 2017 synte at lokaliteten hadde ei langt større utstrekning enn ein var klar over, og den dekker no eit areal på omlag 1600 kvadratmeter. Funnkonsentrasjonane er særleg knytt til to daldrag i nord- og sørenden av lokaliteten, men det er også funn på flata mellom desse. Hovudfokuset vil vere på den sørlege konsentrasjonen. Her er forutan grønstein funne ein god del rhyolitt, noko som indikerer bruk i tidleg i yngre steinalder. Funn av skiferpiler med mothake og dekorert keramikk tyder på at lokaliteten også var i bruk i den mellomste delen av yngre steinalder. Det er på den tida ein reknar med at uttak av grønstein på Hespriholmen tek slutt. Lokaliteten vert difor viktig for å forstå yngre steinalder i Hovlandshagen, og grønsteinsutvinninga si siste fase. Vi håpar også at det kan finnast spor av bustadkonstruksjonar her.

 

Fire skår av dekorert keramikk frå Aurebettjødno XVII

Sjeldan godt bevart skiferspiss frå Aurebettjødno XVII

 

Askeladden id. 6719 – Aurebettjødno II

Lokaliteten har vore kjent sidan  Shetelig si tid, og ein mindre del av den vart undersøkt av Sigmund Alsaker i 1977. Då vart det påvist eit kulturlag frå tidlegaste del av yngre steinalder. Lokaliteten har stor råstoffvariasjon med heile elleve ulike steinråstoff representert. Under forundersøkinga i 2017 vart det påvist ein større funnkonsentrasjon om lag 30 meter sør for Alsaker sitt felt. Funnkonsentrasjonen skuldast i hovudsak grønstein, og truleg har vi her treft på ein avfallshaug etter grønsteinstilvirking. Under avtorvinga og innleiande graving av lokaliteten har det blitt funne ein god del pilspissar. Spissane er av rhyolitt, skifer og flint og av typar som høyrer heime i den tidlegaste og mellomste delen av yngre steinalder.

 

Haakon Shetelig under arbeid på Uratangen I i 1921. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

Askeladden id. 66731 – Uratangen I

Uratangen I er ein av dei klassiske lokalitetane i Hovlandshagen. Da den vart påvist av Lars Vespestad i 1917 var det den første buplassen ein fann i Hovlandshagen. Den vart undersøkt av Shetelig og Johs. Bøe i 1921, og av Shetelig og Olav Espevoll i 1922. Alsaker hadde også ei mindre utgraving ved dei gamle felta på 70-talet. På lokaliteten ser det ut til å vere materiale frå den eldste og yngste perioden av eldre steinalder. Grønstein vart funne både saman med det eldste og yngste materialet, og Uratangen I har difor vorte vist til av dei som hevdar at grønstein vart teke i bruk alt i den tidlegaste delen av eldre steinalder. Dette er likevel omstridt, og vi håpar at vår undersøking kan kaste lys over om grønstein verkeleg er knytt til det eldste materialet på buplassen eller ikkje.

Under avdekkinga av lokaliteten fekk vi oss ei stor overrasking da det kom fram to samlingar med store flintskiver. Skivene var av flint av høg kvalitet som må vere importert frå Danmark heilt på slutten av steinalderen eller i eldre bronsealder. Det er rundt 2000 år seinare enn sist buplassen var busett. Slike samlingar med skiver og anna materiale i flint er knapt nok undersøkt tidlegare i Hordaland. Det kan vere snakk om rituelle nedleggingar, og ein kan jo spekulere i om det her var ein flintsmed som på denne måten viste respekt til dei gamle grønsteinsmedane.

 

På Uratangen I har vi avdekka eit stort område rundt Shetelig sitt utgravingsfelt. Det eldre feltet ligg ved den vatnfylte grøfta til høgre.

 

Askeladden id. 45760 – Uratangen IIb

Denne lokaliteten vart påvist under forundersøkinga i 2017. Den ligg mellom 23 og 24 meter over havet og er den høgastliggande og truleg den eldste buplassen i Hovlandshagen. Vi har grunn til å tru at den var i bruk om lag 9200 f. Kr, da den låg fint til i høve til strandlinja. Det er utelukkande funne avslag i flint og kvartsitt på lokaliteten, og vi trur difor den kan representere ei tidleg fase i bruken av området, før ein tok i bruk grønstein. Det er ei lita flate, og funna her stammar truleg frå eit eller nokre få korte opphald av jegerar og fiskarar.

 

Årets utgraving er planlagt avslutta 12. oktober.




Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.