Utgravingsprosjekt Hove/Sørbø

Framvekst og fall av ein sentralgard og høvdingsete?

12.02.14
Av Bjørdal Even
Figur 2 Gullfunn frå 1843

Hus og gard frå bronsealder til mellomalder på Hove i Sandnes

Resultat og tankar frå undervegs i eit utgravingsprosjekt

         ved arkeolog og prosjektleiar Even Bjørdal, AM / UiS

Arkeologisk museum / UiS gjennomførte i løpet av dei to feltsesongane 2011-12 omfattande utgravingar (kalla «Prosjekt Hove – Sørbø») på høgdedraget på austsida av Ganddalen i Sandnes kommune på Nord – Jæren i Rogaland. Innan eit samla flateavdekka areal tilhøyrande gardane Hove og Sørbø på om lag 33 000 m², vart det fordelt på 5 utgravingsfelt påvist rundt 11 000 anleggsspor (stolpehol, eldstadar, kokegroper o.l.). Det blei undersøkt 11 graver frå eldre og yngre jernalder her, men det meste av feltarbeidet var knytt til utgraving og dokumentasjon av restar frå fleire tusen år med busetnad på høgdedraget. Gjennom feltarbeidet og vidare analysar i etterarbeidet, har det late seg gjere å framtolke over 70 bygningskonstruksjonar, alt frå små firestolpars «skur» til langhus på rundt 60 meters lengde. Resultata frå dei fullførte 14C-dateringane viser at det har vore busetnadsaktivitet på høgdedraget frå yngre steinalder (ca 2000 f. Kr.) fram til tidleg mellomalder (1100 – talet e. Kr.). Utgravingane på Hove og Sørbø har gjeve det største antalet busetnadsspor på ein lokalitet i Rogaland sidan undersøkingane på Forsand på 1980 – talet, og er blant dei mest innhaldsrike flateavdekkingane som er utført i Noreg. Resultata frå utgravingsprosjektet kan gje ny og verdfull informasjon om utviklingstrekk ved den forhistoriske garden.

 

Figur 1 Grete Moell Pedersen med kvernstein attbrukt i inngangsparti til Hus 17

Figur 1 Grete Moell Pedersen med kvernstein attbrukt i inngangsparti til Hus 17

1.           Bakgrunn

Utgravingsprosjektet kom i stand i samband med at det er gjeve dispensasjon til å byggje bustadar på fleire område med registrerte automatisk freda kulturminne i det som inntil no har vore dyrka mark på gardane Hove og Sørbø. Dei aktuelle gardane grensar opp mot kvarandre og ligg nokre kilometer SSV om Sandnes sentrum. Det dreier seg om ein morenerygg på austsida av Ganddalen, ca 45 – 50 m.o.h. (jf. fig. 2)

 

Figur 2 Undersøkingsområdet i høve til Stavanger og Sandnes

Figur 2 Undersøkingsområdet i høve til Stavanger og Sandnes

 

Stadnamnet Hove kan ha samanhang med lokaliseringa av det førkristne gudshuset, hovet. To av  nabogardane heiter høvesvis Lunde og Skei, noko som kan tolkast knytt til ein førkristen, heilag skog/lund og til hestekamp og leik i kultisk kontekst.

Det har funnest fleire gravhaugar på Hove, men desse vart øydelagt i perioden 1843 – slutten av 1800 – talet. Frå dei fjerna gravhaugane har det blitt levert inn rike funn frå eldre og yngre jernalder, men samanblanding gjer det dessverre vanskeleg å slå fast kva for gravminne dei enkelte gjenstandane kjem frå. Vi kan særleg nemne fragment av ein uvanleg armring av gull (ein såkalla ormehovudring, eit staussymbol brukt i høvdingeslekter), ein fingerring av typen platering av gull, eit importert bronsekar (hemmoorkar) og eit svært sjeldant leirkar brukt som gravurne; desse prestisjevarene er tydelege teikn på ei slekt her med høg status (Reiersen 2013). Gullringane (jf. fig. 3) og bronsekaret er frå 200 – talet til tidleg på 300 – talet e. Kr. (innan perioden yngre romartid), medan leirkaret er frå folkevandringstid på 400 – talet.

Figur 3 Gullfunn frå  1843

Figur 3 Gullfunn frå 1843

Bjørn Myhre, arkeolog og tidlegare direktør ved Arkeologisk museum i Stavanger, skreiv ein samanfattande artikkel om garden Hove i tidsskriftet frà haug ok heiðni (Myhre 1997). Han oppsummerar med at området med Hove og dei tilgrensande gardane har vore sete for ei høvdingeætt i yngre romartid og folkevandringstid. Han tolkar ei rekke funn og indikatorar slik at det her i løpet av perioden 200 – 550 e. Kr. hadde vakse fram ein sentralstad for ein lokal høvding med internasjonale kontaktar: ”På den høge terasseflaten aust for Ganddalen, på gardane Austrått, Hove og Høyland, er det kome for dagen gjenstandar frå graver, buplassar og offerstader som er svært sjeldne i Noreg, og som syner at dette var eit sentrumsområde for eit høgtståande religiøst, sosialt og politisk samfunnsskikt” (Myhre 1997: 14-15). Ved Rogaland fylkeskommune sine kulturhistoriske registreringar på Sørbø (2003) og Hove (2007) vart det påvist ei mengde anleggsspor i sjaktene.

Alt dette peikar i retning av eit område med ein framståande posisjon i forhistorisk tid, særleg i eldre jernalder. Utgravingane i 2011 – 12 har gjeve resultat som støttar opp om og utfyller dette biletet.

 

2.           Samandrag av dei arkeologiske undersøkingane

2.1           Kort om busetnadsspora

                Restane etter bygningar og aktivitetar var ikkje jamnt fordelt mellom dei ulike utgravingsfelta, majoriteten av busetnadsspora, samt alle gravene, vart påvist på Felt 3 (jf. fig. 4 og 5 og tabell 1 og 2). Arealstorleiken og antalet strukturar gjer det naturleg å ha hovudfokuset på dette feltet. Men samstundes er det viktig å understreke verdien av funna frå dei andre felta – Felt 1, 2, 4 og 5 inneheldt interessante spor som er viktige i seg sjølv, og framfor alt gjev desse felta viktig kontekstuell informasjon om nærmiljøet til det sentrale Felt 3. Sjå fig. 5 for eit utval av hustypar frå ulike tidsperiodar frå utgravinga.

Alle 14C-dateringar nemnde i teksten er oppgjevne som kalibrerte, 2 sigma.

 

Tabell 1

Tabell 1

 

Figur 4 Oversynskart over alle felta

Figur 4 Oversynskart over alle felta

Figur 5 Oversyn over utvalde hustypar frå ulike tidsperiodar

Figur 5 Oversyn over utvalde hustypar frå ulike tidsperiodar

 

2.1.1    Busetnadsspor på Felt 1:

Dette feltet inneheldt m.a. den eldste 14C – daterte bygningen frå utgravingsprosjektet (og den første som vart påvist i felt), nemleg Hus 1 frå overgangen eldre – yngre bronsealder (1215 – 1018 f. Kr.).

I ein annan del av feltet blei det påvist ei grop med bevarte restar frå elvemuslingar, dette materialet er 14C – datert til yngre merovingartid – eldre vikingtid (773 – 894 e. Kr.).

2.1.2    Busetnadsspor på Felt 2:

                Felt 2 med tilhøyrande sjakter hadde fuktigare undergrunnstilhøve enn dei andre områda som vart flateavdekka på høgdedraget. Dette er truleg ein av grunnane til at det ikkje var klare spor etter forhistoriske bygningar her. Derimot fanst det på Felt 2 fleire titals kokegroper, fleire forhistoriske dyrkingslag og spor etter bruk av ard. Dateringsresultat knytt til delvis forkola kornmateriale frå dyrkingslaga her vil vere klar i løpet av mars 2014.

2.1.3    Busetnadsspor på Felt 3:

                Dette hovudfeltet på utgravinga blei undersøkt i løpet av både 2011 og 2012 og inneheldt fleire tusen anleggsspor. Området har klart vore teke i bruk av mange generasjonar bønder frå bronsealder til yngre jernalder. Sjå fig. 6, 7, 8 og 9 for døme på faseinndeling av husmaterialet.

Den eldste sikkert 14C – daterte bygningen på feltet, er Hus 39 frå yngre bronsealder (790 – 538 f. Kr.), men både gjenstandsfunn i området (flintartefakt og slipt steinøks) og forkola korn ute av opprinneleg kontekst (2040 – 1893  / 1977 – 1768 f. Kr.) viser at det har vore busetnad her allereie frå slutten av yngre steinalder. Store delar av Felt 3 var så «perforert» av anleggsspor frå ulike tidsperiodar at det ikkje lét seg gjere å påvise det som kan ha funnest att frå dei eldste langhusa frå yngre steinalder og eldre bronsealder. Ytterlegare tre bygningar kan knytast til høvesvis yngre bronsealder (perioden 1100 – 500 f. Kr.) og eldre førromersk tid (perioden 500 – 200 f. Kr.).

Dei fleste 14C – daterte bygningane frå Felt 3 stammar frå dei påfølgjande periodane yngre førromersk tid (200 – 1 f. Kr.), eldre romartid (1 – 150 e. Kr.), yngre romartid (150 – 400 e. Kr.) og folkevandringstid (400 – 550 e. Kr.). I alt kan 18 ulike, sikre bygningar knytast til eldre jernalder v.h.a. 14C – dateringar så langt. I løpet av yngre romartid og folkevandringstid skjer det ei utvikling der garden får fleire store langhus (Hus 9, 17, 22) saman med mindre spesialbygningar (som Hus 28, 32 og truleg 59) og ein særprega, nedsenka gardsplass med tilhøyrande holveg. Det er i denne perioden det er aktuelt å snakke om ein sentralgard og mogleg høvdingsete på Hove, særleg sett i samanhang med det tidlegare forsking og funn fortel om området (jf. kap. 1 og 3).

Dei yngste 14C – dateringane frå busetnadsspor på Felt 3 er knytt til den første delen av merovingartid (innan perioden 550 – 800 e. Kr.); det omfattar m.a. ein fase i det komplekse langhuset Hus 17 og i det vesle «tilbygget» Hus 59, langhuset Hus 36 og Grophus 1 like ved og ein mødding med skjell og bein. I prøvemateriale frå Hus 36 er det funne delvis forkola rugkorn, eit kornslag som er relativt sjeldant påvist så tidleg i denne delen av landet. Alle desse nemnde busetnadsspora er 14C – datert til perioden ca 550 – ca 710 e. Kr. Det skjer såleis ikkje fråflytting frå garden ved overgongen til yngre jernalder, men derimot er det ikkje påvist at garden held fram på denne staden vidare inn i vikingtid (perioden 800 – 1050 e. Kr.) og tidleg mellomalder (perioden 1050 – 1200 e. Kr.), noko som skil Felt 3 frå situasjonane på Felt 4 og 5 (jf. 2.1.4 og 2.1.5.). Men det er ikkje umogleg at det fanst eit gardsanlegg på eller rett ved Felt 3 (der det moderne tunet på Hove ligg) også i tida etter ca 700 e. Kr., det står att meir analysearbeid og 14C – dateringar knytt til nokre moglege «kandidathus». Funnet av ei kvinngrav frå yngre vikingtid (900 – 1050 e. Kr.) på Felt 3 (jf. 2.2.) viser iallfall til busetnad i nærområdet også i denne perioden – men det kan vere at denne busetnaden var knytt til Hus 20 og 21 på Felt 4.

Figur 6_Oversyn over fase 5 (eldre romartid) frå Felt 3

Figur 6 Oversyn over fase 5 (eldre romartid) frå Felt 3

Figur 7_Oversyn over fase 6 (yngre romartid) frå Fellt 3

Figur 7 Oversyn over fase 6 (yngre romartid) frå Fellt 3

Figur 8_Oversyn over fase 7 (folkevandringstid) frå Felt 3

Figur 8 Oversyn over fase 7 (folkevandringstid) frå Felt 3

Figur 9_Oversyn over fase 8 (merovingartid) frå Felt 3

Figur 9 Oversyn over fase 8 (merovingartid) frå Felt 3

2.1.4    Busetnadsspor på Felt 4:

                Undersøkinga av dette feltet mot den nordlege enden av høgdedraget, fortel at det fanst eit gardsanlegg her i vikingtid og tidleg mellomalder. Delar av to relativt like langhus med same orientering og storleik, Hus 20 og 21, vart påvist. Beggje bygningane heldt fram utanfor utgravingsgrensa mot sør. Husa låg parallelt med kvarandre med berre eit par meters avstand og har til dels samanfallande 14C – datering (Hus 20: 776 – 900 e. Kr., Hus 21: 767 – 894 e. Kr. og 1029 – 1163 e. Kr.). Det trengst vidare analyser av dokumentasjonsmaterialet og fleire 14C – resultat for å få eit klarare bilete av brukstid og funksjonar til husa.  

2.1.5    Busetnadsspor på Felt 5:

                Dette feltet låg om lag 200 meter i luftlinje frå Felt 3 på Hove og Sørbø, dei to felta var skilt av eit noko lågareliggjande terreng på Sørbø med dårlegare dreneringstilhøve og utan påviste anleggsspor. Etter alt å døme høyrer difor busetnadsspora på Felt 3 og Felt 5 til to ulike gardar, der Felt 5 nok skal forståast som den nordlegaste delen av eit busetnadsområde knytt til høgdedraget der garden Lunde har lege i historisk tid.

                Felt 5 med tilhøyrande sjakter inneheldt spor etter forhistoriske aktivitet tilhøyrande eit langt tidsspenn. Dei eldste 14C – dateringane frå feltet stammar frå prøvemateriale frå den så langt uavklarte konstruksjonen Hus 55 (1007 – 892 f. Kr. og 596 – 406 f. Kr.). Meir analysearbeid og fleire dateringsresultat må til for å tolke Hus 55: anten er det snakk om ikkje éin, men fleire bygningar, eller så har noko av det daterte materialet kome ut av opprinneleg kontekst. Hus 55 har også ei 14C – datering som «høver betre» med dei typologiske trekka til konstruksjonen, nemleg til merovingartid (652 – 716 e. Kr.). Blant dei øvrige husa på feltet, har Hus 66 prøvemateriale inne til 14C – datering, men det relativt velbevarte huset har ei form som tydleg indikerer at det stammar frå yngre bronsealder eller førromersk tid.

Det som derimot er klart, er at det på Felt 5, som på Felt 4, fanst restar av eit gardsanlegg frå vikingtid. Det fleirfasa langhuset Hus 51 (889 – 995 e. Kr.) har fungert saman med det vesle huset / konstruksjonen Hus 52 (856 – 989 e. Kr.). På liknande vis som på Felt 4, heldt langhuset Hus 51 fram utanfor utgravingsgrensa i sørleg retning (jf. fig. 4 og 5).

2.2.      Kort om gravminner og gravgods:

                I løpet av dei arkeologiske undersøkingane i 2012 på Felt 3, vart det grave ut fleire strukturar som framstod som sannsynlege forhistoriske graver (jf. fig. 10). Ingen av dei hadde bevart noko overflatemarkering i form av røys eller haug, dei vart påvist først etter den innleiande flateavdekkinga. Dei framstod som groper med rektangulær til meir rund form, skore i ulik djupne ned i undergrunnen. Fleire av strukturane hadde preg av å ha blitt forstyrra / plyndra, anten i samband med fjerninga av gravrøysene her i løpet av siste del av 1800 – talet eller moglegvis allereie i tidlegare tider. 

Figur 10 Oversyn over påviste graver frå Felt 3

Figur 10 Oversyn over påviste graver frå Felt 3

Ved den nærmare gjennomgangen av dokumentasjonsmaterialet og gjenstandsfunna, har tilhøva blitt tolka slik at det dreier seg om 11 graver, nokre av dei typologisk datert til høvesvis eldre eller yngre jernalder.

Tabell 2

Tabell 2

I tillegg til desse 11 gravene, vart det ved undersøkingane i 2011 – 12 funne spor og indikasjonar etter to av dei gravrøysene som er nemnt i registreringa frå 1903 (jf. kap. 1 og fig. 4 og 10).

Den eine, kalla Røys 1, vart påvist og undersøkt på Felt 1 i 2011. Det er snakk om steinar frå botnrestane av ei røys, truleg den same som vart fjerna her på 1800 – talet og då inneheldt brente bein. Det vart ikkje gjort funn av gravgods i 2011.

Den andre røysa, kalla «Røys 2» (står som Røys? på fig. 4 og 10), er forsøkt knytt til den øvste delen av høgdedraget på Felt 3. I dette området sør om tunet på Hove, skal det ha lege tre større røyser fram til 1840 – åra, og det er frå destruksjonen av den eine av desse at gullfunna frå 1843 stammar (jf. kap. 1). Det vart ikkje påvist nokre «positive» spor (som steinar frå røysfyll, gravkammer, fotgrøft) etter «Røys 2» ved utgravinga i 2012, derimot oppdaga ein fleire «negative» spor. Med «negative» spor er det her meint:

a) at eit areal på høgdedraget sitt øvste punkt manglar anleggsspor i bakken (medan det finst hundrevis av stolpehol, groper, kokegroper m.m. i dei tilgrensande områda),

b) at alle dei nærliggjande huskonstruksjonane på Felt 3 verkar å respektere utstrekninga til denne postulerte gravrøysa,

c) og at det synest som eit fleirtal av kokegropene i nærområdet dannar ein «ring» langs ytterkanten av det nemnde funntome arealet. Det var ingen moderne inngrep som kan forklare mangelen på anleggsspor her.

Dei «negative» spora er tolka som indikatorar på at det i løpet av bronsealder eller tidleg eldre jernalder vart bygd ei eller fleire røyser innanfor «ringen» av kokegroper, og at dette vart ein struktur i landskapet som påverka kva som vart bygd og gjort i nærområdet i ettertida.

 

3.   Nokre viktige aspekt ved Prosjekt Hove – Sørbø

 

Den omfattande og komplekse samlinga av busetnadsspor og graver på Felt 3 gjev rike moglegheiter for tolkingar av organiseringa av hus, gard og gravminne i jernalderen. Dette tolkingsarbeidet føregår både i samband med utforminga av utgravingsrapporten og knytt til eit meir utvida forskingstema ved AM, UiS. Nokre særleg sentrale problemstillingar i denne samanhangen er:

 a)       Kva slag organiseringsform kjem til syne gjennom busetnadsspora frå perioden yngre førromersk tid – eldre romartid (ca 200 f. Kr. – 150 e. Kr.)?:

Både antalet bygningar og lokaliseringa av dei kan tyde på at det fanst fleire, samtidige gardsbruk i nærleiken av kvarandre (jf. fig. 6).  

Dette er eit aspekt som er nemnt her på www.norark.no nyleg, i samband med den omfattande utgravinga ved Etnesjøen i Etne kommune i Hordaland i fjor (Diinhof 2013).

 b)      Korleis skal ein forstå endringane i bygningsmiljøet ved overgongen til yngre romartid?

Det skjer ei omvelting ved tilkomsten av dei store langhusa 9, 17 og 22 i løpet av yngre romartid (jf. fig. 7 og 8). Samstundes kjem også mindre hus som Hus 28, som har klart preg av å vere sekundærbygningar med spesialfunksjon, og moglegvis vert den nedsenka gardsplassen med holveg teken i bruk på denne tida (gardsplassen manglar 14C –datering enno, men det er funne spannforma keramikk i botnlaget).

Denne «oppskaleringa» av det bygde miljøet fell saman med den typologiske dateringa av gullfunna frå røysa som vart opna i 1843, og til saman indikerer dette at det har utvikla seg eit lokalt maktsenter her på Hove. Spor etter metallhandverk og den særprega, breie holvegen kan indikere at produksjon og handel har vorte viktigare enn før. Det kan med bakgrunn i alt dette hevdast at Hove i denne perioden truleg har fungert som ein sentralgard og høvdingsete. Men korleis bør bygningsmiljøet i yngre romartid og folkevandringstid forståast – har det vore ein, stor sentralgard som omfatta både Hus 22 (ca 45 meter langt) og Hus 17 (ca 60 meter langt), eller har det vore eit gardskompleks der desse to husa har tilhøyrt kvar sin gard, men med delt innmark og til dels felles sekundærbygningar?

 c)       Kva skjer ved overgangen frå eldre til yngre jernalder (dvs. frå ca. 550 e. Kr.) – er tida over for sentralgarden?:

 Resultata av samtlege 14C – dateringar relevante for dette spørsmålet er ikkje ferdige enno, men det er allereie klart at storgardsmiljøet frå slutten av eldre jernalder «krympar inn» i løpet av 500 – og 600 – talet (jf. fig. 8 og 9). Dette høver for øvrig med det Bjørn Myhre skriv om at gravfunna frå Sandnes i vikingtid ikkje lenger er så rike og særprega som i eldre jernalder (Myhre 1997, s. 19). Bruken av t.d. Hus 9 og Hus 22 fell bort, og i staden kjem m.a. det mindre Hus 36 og nyskapinga Grophus 1 til. Delar av den austlege enden av Hus 17 saman med det vesle Hus 59 har også ein bruksfase til inn på 600 – talet.

 d)      Er tida frå ca 700 e. Kr. av ein periode med omorganisering og ny vekst etter ei nedgongstid i hundreåret før?:

Det finst det ingen daterte bygningar på Felt 3 etter ca 710 e. Kr. Derimot dukkar det frå slutten av 700 – talet av opp fleire, store langhus (Hus 20, 21 og 51) knytt til Felt 4 og Felt 5 (jf. fig. 5). Det synest såleis klart at det i vikingtid fanst ressursterke gardar både SV og NØ for det gamle senteret på Felt 3, garden på Felt 4 verkar å kunne følgjast heilt inn på 1100 – talet.

Har det skjedd ein total kollaps av den langliva gardseininga på Felt 3, eller vart busetnaden flytta inn på tunarealet til den historiske Hove – garden?  Moglegvis vil resultata frå 14C – resultata som kjem i mars gje svar på dette.

Det er for øvrig svært interessant at det ved flateavdekkingar i løpet av dei siste åra i Rogaland har blitt undersøkt ei rekkje nyoppdaga bygningar frå tida yngre jernalder – tidleg mellomalder (m.a. Hove – Sørbø i 2011-12 og Sømmevågen i Sola i 2013, jf. Meling 2013). Hundreåra rundt år 1000 har vore ein periode der det utgravne husmaterialet er langt meir fåtallig enn for t.d. folkevandringstid, og det er såleis særleg gledeleg å få meir kunnskap om enkelthus og gardseiningar frå denne tida.

 e)       Kva med den større, forhistoriske konteksten til funna frå Prosjekt Hove – Sørbø?:

Busetnadsspora påvist ved undersøkingane i 2011 – 2012 viser at det har funnest minst tre skilde område med busetnad i bronsealder og/eller jernalder på denne delen av høgdedraget på austsida av Ganddalen. Utgravingar nærleiken i regi av AM i 1998 (Aakvik 1998) og 2009 (Dugstad 2011) avdekka ytterlegare to busetnadsområde / gardar frå forhistorisk tid, desse vart funne i meir lågareliggjande terreng høvesvis vest og aust om høgdedraget.

Kunnskap framtolka frå alle desse busetnadsområda kan, saman med annan informasjon om nærområdet som registrerte kulturminne, innleverte gjenstandsfunn og tidlegare forsking knytt til arkeologi, historie, botanikk og stadnamn, gje eit uvanleg rikt og godt fagleg utgangspunkt til å betre forstå korleis menneska i tidlegare tider levde i og organiserte landskapet rundt seg. Har til dømes den omfattande garden frå eldre jernalder på Felt 3 dominert dei andre, mindre gardane i nærleiken, som eit «sentrum» med «satelittar» rundt?

 

Kom gjerne med spørsmål, tankar og idear knytt til innhaldet i det du nettopp har lese og sett – føremålet med innlegget er både å formidle frå undervegs i eit utgravingsprosjekt og å få nyttige innspel tilbake.

 

 

Litteratur:

 

Diinhof, S. (2013)              

Ny førromersk landsby i Etne?  Artikkel på www.norark.no 29. 10. 2013

Dugstad, S. A. (2011)           

Undersøkelse av gårdsanlegg og gravrøys fra folkevandringstid på Sørbø

Upublisert oppdragsrapport 2011 / 16 for AM, UiS

Meling, T. (2013)               

Flere bosetningsspor fra yngre jernalder i Sømmevågen

Artikkel på www.norark.no 27. 08. 2013

Myhre, B. (1997)               

Hove – ein sentralstad i Rogaland

Frá haug ok heiđni nr 3 1997, s. 14-19

Reiersen, H. (2013)             

Romertidsgraven fra Hove. Et oppstykket, men sluttet funn

RISS nr 1 2013, s. 60-71

Aakvik, J. (1998)              

Rapport fra arkeologisk utgravning på Sørbø

Upublisert rapport for AmS

 




Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.