Utgravingsprosjekt Bjørset-Skei

Arkeologi langs Jølstravatnet

05.08.14
Av Trond Eilev Linge

I samband med utviding av E39-trasèen mellom Bjørset og Skei i Jølster kommune, Sogn og Fjordane har Universitetsmuseet i Bergen sidan slutten av april undersøkt 24 lokalitetar langs ei mil lang strekning på nordsida av Jølstravatnet. Undersøkingane, som no går mot slutten, har gitt mykje ny innsikt i eit område som har vore lite kjent arkeologisk tidlegare.

Vegen er for det meste lagt tett ved Jølstravatnet, og det er såleis særleg aktivitetar i sona nærast inntil strandbreidda til vatnet som har blitt gjenstand for undersøking. Gardstuna i området ligg i dag for det meste høgare oppe i liene over vatnet.

Det som utmerkar seg i den strandnære sona er aktivitetar som ein må tru er knytt til den rituelle sfæren. På Årdal er avdekka eit lite felt der ein 30-40 kokegroper ligg tett som hagl. Truleg har feltet strekt seg vidare under der det i dag ligg moderne bygningar veg. Førebels er feltet datert til romersk jarnalder (0-400 e. Kr). Omlag same datering har truleg eit kokegropfelt som strekker seg over tre felt på garden Huus. Her er også store groper fylte med jord og stor stein, så langt med uviss funksjon. Området har også enkelte stolpehol som er datert til same tid, men ikkje i eit slik mengd og system at det er snakk om regulære bygningar. Stolpehol andre stader på lokaliteten er datert til eldre bronsealder (1700-1100 f. Kr), og saman med ein fin flatehogd pilspiss i kvartsitt viser dei til langt eldre aktivitet her.

På ein fin høgderygg med storslått utsikt over Jølstravatnet er avdekka ei mengd med stolpehol som førebels er datert til to fasar; førromersk jarnalder (500-1 f. Kr) og vikingtid (800-1000 e. Kr).

På "den finaste tomta ved Jølstravatnet" har det stått bygningar både i førromersk janralder og i vikingtid.

På “den finaste tomta ved Jølstravatnet” har det stått bygningar både i førromersk janralder og i vikingtid.

Alt frå fylkeskommunen sine registreringar var det klart at ein god del lokalitetar med spor av førhistorisk dyrking ville verte råka av vegutvidinga, og slike spor er påvist på rundt halvparten av lokalitetane. Tidsspennet er stort, og strekker seg gjennom det meste av førhistorisk jordbrukande tid; frå siste del av yngre steinalder (ca 2100 f. Kr) til mellomalderen (ca 1200 e. Kr). Den eldste jordbruksdateringa frå Jølster er frå dei solrike bakkane på Bjørset. Frå eldre jarnalder ser vi at også flatene på Årdal, Helgheim og Huus vert teke i bruk til åker.

DSC_1330b

Dekorert garnsøkke frå lokalitet 17. Nøyaktig tidfesting har vi ikkje enno, men anna aktivitet på lokaliteten har så langt gjeve dateringar til eldre bronsealder og romersk jarnalder.

Eit dekorert garnsøkke vitnar om andre livbergingsmåtar enn jordbruk. Jølstravatnet er eit rikt fiskevatn, så det skulle berre mangle at jølstraauren og var ettertrakta i førhistorisk tid.

 

 


Kommentarer


Marte Mokkelbost
05.08.2014

Det var et vakkert garnsøkke! 🙂

Bjarte
11.08.2014

Dette var interessant, må skrive meir om det.
om livet der, handel, folketal osv 🙂



Legg igjen en kommentar

Felt markert med * er påkrevd. E-postadresser vil aldri deles.