Verket, -eit storslege reinsfangstanlegg i Lesjafjella

16.10.13
Avlivingskvea sett mot vest, stolperekkene er antyda med ljose prikkar. Moreneryggen i bakgrunner har skjerma for innsyn til sjølve avlivingsplassen som ligg like bak kanten på ryggen. Fram mot ryggen er terrenget småkupert. Foto: Per Jordhøy©.

Anlegget vitnar om kunnskapsrike og innovative forfedrar.

Sommaren 1999 oppdaga Tor Einbu, Lesja, ei rekke stolpehol ved lokaliteten Verket sør for Fauttjønn på Slådalsfjella mellom Lesja og Vågå. Kunstnaren og historikaren Tor observerer ting med litt andre augo enn mange andre, difor reagerte han på både symmetrien i rekka med stolpehola – og kva han kunne vera på sporet av. Sidan da har mange, så vel «leg som lærd», teke del i ein eventyrleg samverknad for å få kasta ljos over vårt kanskje mest storslegne massefangstanlegg for rein Sør-Noreg. Det inngår elles i det aktuelle verdsarvprosjektet «Den gamle villreinfangsten som verdsarv». 

Finnaren av fangstanlegget, Tor Einbu frå Lesja (Foto: Per Jordhøy©).

Finnaren av fangstanlegget, Tor Einbu frå Lesja (Foto: Per Jordhøy©).

4 km stolperekker

Finnaren av anlegget vart skikkeleg hekta på spora har fann i 1999, og det vart mange turar i åra som fylgde. Ytterlegare eit bægje (ledegjerde, her i form av stolperekke) fann han i 2003, slik at den totale lengda på stolperekkene no er på over 4 km! Den kjente fangstminnegranskaren, Øystein Mølmen, synfarte også lokaliteten i 1999, og var overvelda av dimensjonane og dei tydelege strukturane han såg. Alt i alt vitnar utforminga og plasseringa i terrenget om at dei som bygde og drifta anlegget hadde inngåande kunnskap om reinen og åtferdsmønsteret til dyra.  Anlegget er tidlegare ikkje kjent, men lokale folk meiner å hugsa at forfedrane fortalte om nokre stolper i området.

Kontrastar så det kjennest

Kontrastane er store der stolperekka kryssar Slådalsvegen og to parallelle høgspentleidningstrasear (132kV og 300 kV) over Slådalen. Gamal kulturhistorie i møte med forbrukarsamfunnet og tilhøyrande naturinngrep og installasjonar. Ja, det er med ein viss bismak ein går på denne historiske grunnen og samlar data, med coronastøy frå kraftleidningane i bakgrunnen. Men spennande er det når ein skal freista å nøste opp og tolke forfedrane sine metodar for å få tak i grådyra. «Problemet» er at det reiser eit utal nye spørsmål og få sikre svar, men ein får vera nøgd om ein får på plass nokre småbitar i dette store puslespelet.

Lokalisering og naturgeografi

Anlegget ligg på fjelltangen mellom den austlege delen av Ottadalen og Nord-Gudbrandsdalen sitt hovuddalføre i Lesja kommune, Oppland fylke. I villreinsamanheng utgjer dette den austlege delen av Ottadalen nord villreinområde. Lokaliteten ligg innafor eit geologisk sett rikt område, med omdanna kambrosiluriske, sedimentære bergartar. Inngangen på anlegget ligg på høgda Verket 1268 moh. Og terrenget hellar slakt nedover mot vest-nordvest og avlivingskvea. Dette høgste partiet er dominert av lavhei med til dels mektig lavdekke. I dei lågastliggjande delane mot avlivingskvea i vest (omlag 1180 moh.) er det meir innslag av lyng og snøleier. Eit roleg og slakt landskap med nokre moreneryggar i nedste delen i vest karakteriserar lokaliteten. Ein kjenner ikkje til at det har fungert som noko sentralt trekk- eller bruksområde for reinen i nyare tid. Frå teljingar og observasjonar som er gjort i dette villreinområdet, er svært få frå denne austlege delen. Mindre bukkeflokkar kan ferdast her no og da.

Kart over villreinområda i Noreg. Den raude pila viser området. Kart: NINA

Kart over villreinområda i Noreg. Den raude pila viser området. Kart: NINA

Bukkeflokk i Slådalstraktane juni 2003 (Foto: Per Jordhøy©)

Bukkeflokk i Slådalstraktane juni 2003 (Foto: Per Jordhøy©)

Namnet Verket

Opphavet til namnet Verket er og interessant. Fyrst kan ein tenkja seg at det knyter seg til verksemd, ein stad der det har vore aktivitet. Ola Stemshaug, som er vår kanskje fremste ekspert på stadnamn, meiner derimot at det kan koma av det gamalnorske ordet «virki», som tyder treverk. Kanskje fangstfolka køyrte stolpevyrkje opp til Verket vinterstid, og at det der vart lagt i store lunnar – og at dette er opphavet til namnet? Interessant er det at stadnamn som inneheld «verk» finns i fleire område med massefangstanlegg; så som Verkensetra i Grimsdalen og Verkilsdalsbotn i Dørålen. Også andre stadnamn i nærområda til Verket er interessante – Ståkåhøa er eit døme på dette (Ståkå = stake/stolpe). Kan det ha samband med at det har vore stolperekker i området?

Innmåling

Ved registrering av anlegget i 2000 vart standard registreringsprosedyre fylgt og GPS-posisjon vart registrert i kvart 4–8 stolpehol, avhengig av synbarheit, noko som vart vurdert tilstrekkeleg til å kunne framstille/visualisere og tolke anlegget på kart og i eit digitalt 3-dimensjonalt bilde. Hausten 2010 vart alle synlege stolpehol målt inn på nytt, for å få eit enda meir nøyaktig bilde av anlegget. Bilvegen over Slådalen har ført til at fleire stolpehol er øydelagt, spesielt i det søre gjerdet mellom avlivingskvea og samlekvea.

Rusefangstanlegget på Verket med bægjer (ledegjerder), samlekve og avlivingskve framstilt på kart. Vegskjeringane ved Slådalsvegen er antyda med gråe strek. Fangstbuplassen er markert nord for avlivingskvea. «Buplassen» som er markert ved søre bægjet er truleg eit falkefangstanlegg. Kart: NVS/NINA.

Anlegget sin konstruksjon, utforming og funksjon

Fangstsystemet inneheld 3 hovudelement; bægje (ledegjerde), samlekve og avlivingskve. Vi kjenner til liknande anlegg frå det nordlege Rondane i Einsethø. Trestolpar har vore eit hovudelement i anlegget, men korleis ”gjerdekonstruksjonen” var utforma elles veit vi ikkje nøyaktig. Truleg har det i avlivingskvea vore ”tett” gjerde med ”slinder” mellom stolpene. I samlekve og ledegjerdet kan det moglegvis ha vore tilstrekkeleg med flagrer (flagrande ting av never, furuspiler m.v.) montert på toppen av stolpane/vardane. Frå liknande villreinfangst i Sibir veit vi at gåsevenger montert på vardar har vore nytta som skremsel. Det kan og ha vore brukt snorer mellom stolpane med påknytta flagrer.

Stolpehola er godt synlege og skimtast gjerne som små steinsettingar i markoverflata, ved at det har vore nytta steinkiler/-forstøtning slik at stolpane skulle stå stødig. Det er også tydeleg at storleiken på stolpehola aukar markert framover mot spissen av rusa i avlivingskvea (rundt 25cm i diameter på det største), kor det naturleg har vore størst fysisk påkjenning (press frå tettståande, stressa reinsdyr). Samstundes minkar avstanden mellom stolpehola fram mot rusa og den kan her vere under 2 m, mot omlag 3–4 m i samlekvea. Nokre stader i samlekvea kan stolpehola vera vanskelege å sjå. Det er ikkje noko som tyder på at det har vore nytta varder som markering av den ytre grensa av samlekvea. Samlekvea har ein kileform og smalnar av noko framover mot avlivingskvea. På det breiaste er den vel 500m og den er om lag 1 km lang. Bægjene inn mot samlekvea er kvar om lag 500m lange. Den nordlege går i aust-vestlei og går heilt i hop med den nordlege stolperekka i austenden av samlekvea. I det sørlege bægjet (stolperekka) tyder det på at det har vore eit operom på 150-200m mellom nordenden på stolperekka og opninga på samlekvea. Dette kan ha hatt ein praktisk funksjon for inndrivinga ved at fangstfolka meir effektivt fekk styrt flokkar som kom vestfrå inn mot opninga i samlekvea. Med dei to bægjene slik dei er utforma, kunne ein såleis styra inn flokkar som kom vestfrå, sørfrå og austfrå. Åtferdsmønsteret til reinen tilseier også at det er enklare å styra reinen i den leia den kjem frå, samstundes som skremde dyr lettare tek iveg oppover- enn i nedoverskrånande terreng. Såleis synest utforming og terrengval heilt genialt for å kunne styra flokkane inn i samlekvea.

Tydelege spor etter skoningar til stolpehol i det nordlege bægjet inn mot opninga til samlekvea. Bildet er teke mot aust og mot inndrivingsleia. I bakgrunnen registrant Endre Hage frå Lesja, som har vore med  og målt inn anlegget. Foto: Per Jordhøy©.

Inn mot opninga i ruseanlegget ved det høgste punktet Verket stig terrenget for så å flate ut og falle svakt vestover i samlekvea. Interessant er utnyttinga av ein markert tversgåande morene­rygg i avlivingskvea, som har skjerma for innsyn til sjølve spissen på rusa (og enden på «reisa»), når dyra har kome springande. Når dyra har passert denne ryggen har dei kome fullstendig under fangstfolka sin kontroll, då denne ryggen sin stengselseffekt og solide gjerde elles har stengt på alle kantar og effektivt hindra høve til retrett.

Avlivingskvea sett mot vest, stolperekkene er antyda med ljose prikkar. Moreneryggen i bakgrunner har skjerma for innsyn til sjølve avlivingsplassen som ligg like bak kanten på ryggen.  Fram mot ryggen er terrenget småkupert. Foto: Per Jordhøy©.

Avlivingskvea sett mot vest, stolperekkene er antyda med ljose prikkar. Moreneryggen i bakgrunner har skjerma for innsyn til sjølve avlivingsplassen som ligg like bak kanten på ryggen. Fram mot ryggen er terrenget småkupert. Foto: Per Jordhøy©.

Skjematisk oversyn over avlivingskvea med utforming og viktige funksjonselement. Kart: NVS/Per Jordhøy©.

Skjematisk oversyn over avlivingskvea med utforming og viktige funksjonselement. Kart: NVS/Per Jordhøy©.

410 Skjematisk oversyn over avlivingskvea med utforming og viktige funksjonselement. Kart: NVS/Per Jordhøy©.

410 Skjematisk oversyn over avlivingskvea med utforming og viktige funksjonselement. Kart: NVS/Per Jordhøy©.

Fremste delen av avlivingskvea frå toppen av moreneryggen og dei siste 50 metrane vestover er ein smal kile på 1-2 m. Kraftige stolpehol vitnar om at det har vore stor påkjenning på gjerdet her. . Foto: Per Jordhøy©.

 Buplassar

Det gjekk fleire år etter oppdaginga av denne fangstlokaliteten før ein fann buplassar tilknytta anlegget her, men ein hadde ei sterk kjensle av at det måtte ha vore slike i nærleiken. Hausten 2005 lokaliserte Roy Fjerdingby frå Dombås ved hjelp av metalldetektor mykje jarnfragment i grunnen om lag 150 m nordaust for spissen av rusefangst­anlegget ved ein bekk. I same området vart det så funne konturar/omriss etter fleire tufter/buer på eit grasdekt platå i bekkedalen her. Ein kunne og sjå tydelege spor/stiar etter vegen som har vore nytta frå anlegget og ned til buplassen. Her vart det mellom anna funne ein hesteskosaum som tyder på at fangstfolka har nytta hest til å frakta reinsskrottar frå avlivingsplassen og ned til buplassen.

I 2003 oppdaga Roy Fjerdingby, Dombås, ved hjelp av metallsøkar mykje metall i grunnen nordaust for spissen av fangstanlegget på Verket. Dette føret til lokalisering av sjølve fangstbuplassen som med stor sannsynlegheit har vore knytt til fangstanlegget. Foto: Per Jordhøy©

Skisse av tuftene på buplassen ved Verket, basert på GPS-posisjonar.

Skisse av tuftene på buplassen ved Verket, basert på GPS-posisjonar.

Buplasslokaliteten med spor etter tufter nord for avlivingskvea på Verket-anlegget. Bildet er teke mot sørvest. Foto: Per Jordhøy©.

Buplasslokaliteten med spor etter tufter nord for avlivingskvea på Verket-anlegget. Bildet er teke mot sørvest. Foto: Per Jordhøy©.

Rekonstruksjon av den framre delen av fangstanlegget på Verket, sett mot søraust, med buplassen til venstre. Foto og fotomontasje: Per Jordhøy©.

Rekonstruksjon av den framre delen av fangstanlegget på Verket, sett mot søraust, med buplassen til venstre. Foto og fotomontasje: Per Jordhøy©.

Funnmateriale

Etter førespurnad om materiale til genetisk analyse sette Fylkesarkeologen i Oppland v/Espen Finstad, i gang ei avgrensa utgraving av ein mødding ved buplasslokaliteten her 29 september 2006. I den utgravne sjakta vart det funne mykje bein og gevirrestar av rein. Sjølv om dette materialet enno ikkje er granska av osteolog, tyder gevirmaterialet på at fangsten har gått føre seg på sommaren og hausten. Det ser og ut til at det har vore både små og større reinsdyr i fangstmaterialet. Det vart og samla inn tenner frå reinskjevar og sendt veterinærinstituttet i Oslo for genetisk analyse og datering. Resultata frå dei genetiske analysene viste at desse reinsdyra var genetisk klart meir lik Dovre-Rondanereinen enn reinen som no held til i Ottadalsområda og som har tamreinopphav (Knut Røed, artikkel under arbeid).

Arkeologar frå Oppland Fylkeskommune under utgraving av mødding på buplassen ved Verket-anlegget 29. september 2006. I forgrunnen fylkesarkeologane Espen Finstad og bakom Ragnar Bjørnstad, bak til venstre arkeolog Irene Skauen Sandodden og arkeologistudent Runar Hole. Sistnemnte har vore med og målt inn anlegget her. Foto: Per Jordhøy©.

Noko av det utgravde beinmateriale frå møddingen ved buplassen på Verket-anlegget 29. september 2006. Foto: Espen Finstad©.

Noko av det utgravde beinmateriale frå møddingen ved buplassen på Verket-anlegget 29. september 2006. Foto: Espen Finstad©.

Utsnitt frå sjakta som vart utgravi, med gevir- og beinfragment. Reinsfangstrelasjonen vart stadfesta av funnmaterialet som inneheldt mykje bein frå rein. Foto: Per Jordhøy©.

Utsnitt frå sjakta som vart utgravi, med gevir- og beinfragment. Reinsfangstrelasjonen vart stadfesta av funnmaterialet som inneheldt mykje bein frå rein. Foto: Per Jordhøy©.

 Dateringar og indikasjonar på bruksperiodar

Dateringsresultat reiser mange spørsmål; kor eigna er dateringsmaterialet, kor representative er dateringane og kor mange trengs for å kunne seie noko sikkert om bruksperiodar m.v.. På Verket vart det teke prøve av ein trerest frå eit stolpehol som vart funne av Øystein Mølmen i 2000. Kalibrert alder var AD1215–1290. 3 dateringar av bein frå møddingen i buplasskomplekset viste ein alder på frå AD1015-1035 til AD1245-1285. Anlegget kan ut frå dette ha vore i drift i minimum 250 år, men ein veit ikkje noko sikkert om kontinuiteten i bruken av det i denne perioden. Interessant er det og å samanlikna dateringar frå det liknande rusefangstanlegg i tilgrensande fjellområde, til dømes på Einsethø i Rondane nord. Dateringane av beinmateriale herfrå ligg i tidsperioden AD620-885. Altså ein betydeleg høgare alder enn for Verket, ut frå desse dateringane. Frå Vesle-Hjerkinn ligg det også føre dateringar av reinsbein frå mødding; desse viser ein alder på AD1045-1195. Beinmaterialet herfrå stammar truleg frå dyr som vart fanga i dei store fangstgroprekkene ved buplassen her.

I 1999 og 2000 vart fangstanlegget synfart av fangstminnegranskaren Øystein Mølmen. Han fann da ein stolperest i eit av stolpehola like ved moreneryggen i avlivingskvea. Den vart datert til seint 1200-tal AD. Foto: Per Jordhøy©

Entusiastisk samarbeid

Gjennom heile perioden sidan anlegget vart funne i 1999 har aktørar frå mange fagmiljø og foreiningar vore involvert i studiar her, utan noko stort overbyggande prosjekt. Men det har vore ein smittande entusiasme og god samverknad mellom dei ulike disiplinar, slik at ein likevel har kome eit godt stykke på veg for å forstå denne spennande delen av fangstkulturen vår. Ofte blir slike anlegg oppdaga fylgd opp av lokale fjellfolk, og dei fortener stor heider sin innsats og entusiasme.

Per Jordhøy

Kjelder

Jordhøy, P. (red.), Sørensen, R., Aaboen, S., Berge, J., Dalen, B., Fortun, E., Granum, K., Rødstøl, T., Sørumgård, R. & Strand, O. 2011. Villreinen i Ottadalen. Kunnskapsstatus og leveområde. – NINA Rapport 643. 85 s. + vedlegg.