Utmarksregistrering i tilknyting til øydegarden på Hellaug, Etne kommune

22.08.14
Utsyn frå beiteområdet ved «Store Hidleren» ned mot Fitavatnet, Hellaugvatnet og Stordalsvatnet. Foto: Knut Andreas Bergsvik, UiB

Skriven av:

Therese Nesset, stipendiat i mellomalderarkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen

I samband med prosjektet mitt, «Eit portrett av mellomaldergarden på Vestlandet», har eg, i samarbeid med kollegaer frå AHKR-instituttet ved Universitetet i Bergen, Universitetsmuseet i Bergen og Tromsø Museum – Universitetsmuseet, utført registreringar i utmarksområdet til ein av dei fem mellomaldergardane på Vestlandet som inngår i mine studiar. Registreringa gjekk føre seg i veke 29 og i veke 32 i år.

Registrering av ei dyregrav i Kvanneskår i Indre Etnefjell. Foto: Gitte Hansen, UMiB

Registrering av ei dyregrav i Kvanneskår i Indre Etnefjell. Foto: Gitte Hansen, UMiB

Mellomaldergarden det gjeld er Hellaug, ein øydegard som ligg i ein liten fjelldal inst i Stordalen i Etne kommune i Sunnhordaland. Dei første sikre spora av gardsdrift og fast busetting er frå dateringar i dyrkingslag frå siste halvdelen av vikingtida, men dei eldste dateringane frå innmarka strekk seg heilt attende til midten av merovingartida. Garden vart lagt øyde ein gong etter 1450, og område har vore i bruk som støl sidan 1600-talet, om ikkje før. Ein mogleg årsak til at garden aldri vart teken opp att i bruk kjem fram i eit skriv frå 1788. I skrivet står det at det ved tingsvitne vart forkynt av oppsitjarane at det ikkje fanst spor etter hustuft eller åker på Hellaug, at staden var utsett for skrede og var utenkjeleg som eigen gard (sjå Etnesoga band II, Dyrvik 1972: 409).Ettersom det framleis i dag er godt synlege tufter, åkerreine, rydningsrøyser og ilegg på Hellaug, er det nok sannsynleg at brukarane av Hellaug ikkje ynskte å gje opp verdifull beite- og slåttemark. Av større interesse for meg er å finne moglege forklaringar på kvifor garden på Hellaug vart rydda, og korleis levevilkåra over tid var for bøndene som levde her. Eit av måla med registreringa var difor å danne eit breiare inntrykk av det fullstendige ressursområdet og ressursutnyttinga til garden.

Øydegarden på Hellaug. Bilete er teke mot vest. Klynga med bjørketrea i forgrunnen veks i den lengste tufta, som er over 40 meter i lengd i ytre mål. Like nordaust for denne ligg den andre, om lag 20 meter lange tufta. Ein kan sjå eit par rydningsrøyser i forgrunnen. Foto: Therese Nesset, UMiB

I same periode som Hellaug, og fleire andre gardsanlegg i liknande landskapstypar, vart etablert, skjedde det også viktige endringar i bruken av utmarka på Vestlandet. Denne utviklinga i utmarksbruken har vore av stor interesse dei siste tiåra i arkeologi-Noreg. Vi byrjar å lære meir om strukturar i utmarka, og er i god gong med å registrere desse. Resultata så langt syner at fjellområda og andre utmarkslandskap på Vestlandet får ei kraftig auke av menneskeleg utnytting, både knytt til stølsdrift, trekolbrenning og jarnvinne, uttak av stein frå steinbrot, og jakt. Om busettinga med tilknyting til slike område berre kan skuldast jordknappheit i dei meir tradisjonelle jordbruksstrøka, er kanskje noko ein kan diskutera på nytt?

Kart over dei registrerte kulturminna i Hellaugvassdraget 2014. Grunnkartet er henta frå www.askeladden.ra.no, eg har markert inn med eigne symbol og lokalitetsnamn på kulturminna vi registrerte

Kart over dei registrerte kulturminna i Hellaugvassdraget 2014. Grunnkartet er henta frå www.askeladden.ra.no, eg har markert inn med eigne symbol og lokalitetsnamn på kulturminna vi registrerte

Registreringa i sommar var basert på iherdig dugnadsand frå feltpersonalet, frisk fjelluft, varierande vêrforhold og forholdsvis ulendt og bratt terreng. Den første registreringsveka hadde eg med meg stipendiat Laura Bunse ved Tromsø Museum – Universitetsmuseet, og masterstudentane Brita Hope og Fredrik Solli ved Universitetet i Bergen. Vi gjorde omfattande synfaringar og registrering på Hellaug, i Søre Hellauglia og på Feto. I veke 32 gjekk ferda lenger til fjells saman med hovudrettleiaren min, førsteamanuensis Gitte Hansen ved Universitetsmuseet i Bergen, og birettleiaren min, professor Knut Andreas Bergsvik ved AHKR-instituttet ved Universitetet i Bergen. Vi tok føre oss fjellbeiteområde, hellerar og dyregrava, i tillegg til å gjere oss kjend med eit ulendt, og til tider stupbratt fjellandskap. Vi møtte sau og saltstein til sauen som bønder har sett ut på overraskande uframkomelege stader.

Graving av prøvestikk i kolgrop på Mulehaugen, ein lokalitet som ligg på sørsida av Hellaugvatnet. I bakgrunnen renn fossen ned frå Feto ned i til Hellaugvatnet, like forbi øydegarden. Foto: Therese Nesset, UMiB

Figur 6_Feto

Feto ligg ca. 150 høgdemeter rett aust for Hellaug. Her ligg det framleis ruinar (som ein også kan sjå på biletet) etter stølshus frå moderne tid. I tillegg vart det registrert tre store kolgroper i nærleiken, og truleg finst det fleire i området. På biletet sit vi og dokumenterer sjakta. Foto: Laura Bunse, UMiT

Undersøkingsområdet vi tok føre oss i sommar knyter seg geografisk til Hellaug. I dette området var det kjend fleire kulturminne frå før (desse er gjort greie for i rapport frå registreringa i høve konsekvensanalysen i Etnevassdraga, Marinussen og Myhre 1985). Desse kjende kulturminna danna utgangspunkt for kvar vi valde å registrere. Dei førebelse resultata indikerer eit allsidig utmarkserverv som kan knytast til lokal bruk. Her er det ikkje snakk om massefangst av rein eller storstilt jarnutvinning, men heller om lokale bønder som tek i bruk sine nærområde. Vi fann fleire kolgroper som vart registrerte, og i nokre av desse stakk vi prøvestikk for uttak av trekolprøver. Vi grov sjakt i beitemark på Feto – eit område som truleg var heimestølen til Hellaug – og tok ut jordprøver til dateringsmateriale og pollenprøver til lokalt pollendiagram. Vi grov prøvestikk i tre ulike hellerar, og funn i desse syner spor etter aktivitet heilt attende til steinbrukande tid og fram til moderne tid. I tillegg registrerte vi ilag på fjellbeiteområde og ei dyregrav i tilknyting til den eine helleren ved Sandvatna 1 (sjå Figur 2 for lokalisering av dei ulike kulturminna).

«Store Hidleren» og eit ilegg (steinoppmuring, synes ikkje på biletet) i tilknyting til helleren dannar den nordlege avgrensinga av eit naturleg beiteområde som i vest er avgrensa av bratte stup, i aust av bratte fjellveggar og i sør av eit nytt område med store kampesteinar. «Store Hidleren» er framleis i bruk i dag som rasteplass. Foto: Knut Andreas Bergsvik, UiB

«Søre Hidleren» ligg ved den sørlege avgrensinga av beiteområdet mellom «Store Hidleren» og «Søre Hidleren». Foto: Therese Nesset, UMiB

«Søre Hidleren» ligg ved den sørlege avgrensinga av beiteområdet mellom «Store Hidleren» og «Søre Hidleren». Foto: Therese Nesset, UMiB

Eit lite utval av gjenstandane som vart funne i «Søre Hidleren»; flint, brent flint, jarnnagle, moderne keramikk og poselen, og glas. Foto: Therese Nesset, UMiB

Eit lite utval av gjenstandane som vart funne i «Søre Hidleren»; flint, brent flint, jarnnagle, moderne keramikk og poselen, og glas. Foto: Therese Nesset, UMiB

Hellaugvassdraget, og Etnefjella generelt, har spor av menneskeleg aktivitet som fleire stader strekk seg attende til bronsealderen eller kan hende tidlegare. Ei skålgropsstein på toppen av Nordre Holsnanuten, i nærleiken av dei registrerte kulturminna, er eitt av vitnesbyrda på dette. Dette er altså eit landskap som har vore kjent for menneske i fleire tusen år. Registreringa som var utført på 1980-talet i Etnefjella (sjå Martinussen og Myhre 1985) og dei botaniske undersøkingane som vart utført i samband med registreringa (sjå Kvamme 1985 i Martinussen og Myhre 1985) indikerer likevel at det skjedde ei kollektiv intensivering i bruken av fjellet i tidleg mellomalder. Fleire andre undersøkingar i fjellområda på Vestlandet dei siste tiåra syner at dette ikkje er unikt for Etnefjella. Det blir difor svært spennande å få datering- og pollenprøvene frå registreringa i sommar analysert, og sett om desse kan sjåast i samband med gardsdrifta på Hellaug. Forhåpentlegvis kan registreringa bidra til kunnskap om korleis bøndene som levde her utnytta landskapet over tid, og kanskje også vera eit bidrag til forståinga av strategiske val knytt til busettingsmønsteret i vikingtid og mellomalder på Vestlandet.

Funn av ein hesteskosaum langs ferdselsvegen mellom Sauda og Etne. Ferdselsvegen, som er svært ulendt på sommarstider, var truleg hyppigare brukt om vinteren når isen fraus på vatna. Foto: Knut Andreas Bergsvik, UiB

Litteratur:

Dyrvik, S. 1972: Etne-soga. Andre bandet. (red. Dyrvik, S.). Boktrykk L.L. Bergen.

Kvamme, M. 1985: Vegetasjonshistoriske undersøkelser i Etnefjellene 1983/84. Vedlegg til Arkeologiske rapporter 8. Historisk Museum. Universitetet i Bergen.

Martinussen, A. O. og Myhre, B. 1985: Kulturminne i Etnefjella. Konsekvensanalyser for utbygging i Etnevassdraget. Arkeologiske rapporter 8. Historisk Museum. Universitetet i Bergen.