Møteplassar på fjellet, Hallingskeidsanden.

15.08.14
Sørsida av Hallingskeidvatnet, 1397 moh., i Lærdal. Var det hesteløp på slettene ved elveosen her i tidlig historisk tid og middelalder? Foto Universitetsmuseet i Bergen

Morten Ramstad – Seksjon for ytre kulturminnevern, Universitetsmuseet i Bergen

Kjetil Loftsgarden – Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen

I samband med nasjonsbygginga som gjekk føre seg på 1800-talet, vart den norske innlandsbonden framheva som det rotekte norske. Dei einskilde gardsbruk vart framstilt som sjølvforsynte med liten kontakt med utverda. Slik hadde innlandsbondestanden halde seg urørt av dei korrumperande kreftene frå byen og utlandet.

Dette har sjølvsagt lite rot i røynda. Tvert i mot viser arkeologiske funn og historiske kjelder at kontakten mellom gardar, bygder, innland og kyst har vore omfattande både i historisk og før-historisk tid.

Blant anna er fenomenet «skeid» eit uttrykk for denne kontakten og interaksjonen. På 17-1800-talet var skeid framleis utbreidd i Setesdal og øvre Telemark. Skeid blir då omtalen som møtestader som årleg samla folk frå nære og meir fjerne bygder til vareutveksling, dans, fest og ikkje minst hestekappløp og hestekampar.

Dei beskrivingane me har frå desse skeid skil seg påfallande lite frå hestekampar slik dei er beskrive både i sagalitteraturen og lovtekstar frå mellomalderen.

Figur hestekamp Island: Bildet er hentet fra prosjektet "De gamle undervisningsplansjene" ved Senter for pedagogiske tekster, Høgskolen i Vestfold, på http://www-lu.hive.no/plansjer

Figur hestekamp Island: Bildet er hentet fra prosjektet “De gamle undervisningsplansjene” ved Senter for pedagogiske tekster, Høgskolen i Vestfold, på http://www-lu.hive.no/plansjer

Skeid, og liknande sesongmessige stevner samla folk frå ulike regionar og var ein stad for tuskhandel, men like mykje ein arena for samhandling, vedlikehald av sosiale band og utveksling av idear og nyhende. Sesongmessige møteplassar fungerte soleis som samlingspunkt for ein spreidd busetnad og mogleggjorde stabile nettverk for vareutveksling.

Slike møteplassar kan vidare vera avgjerande i forminga av regionale identitetar og kulturelle normer i eit samfunn med få bymessige senter.

Det er kjent fleire stadnamn i Sør-Noreg med variantar av skeid, der i blant Hallingskeid. Av dei fire stadene som er kjent som Hallingskeid, har alle segn som fortel om møte mellom folk frå Aust og Vest.

Oversiktskart over Hallingskeid og Bjørkum. Bakgrunnskart frå Statens Kartverk

Oversiktskart over Hallingskeid og Bjørkum. Bakgrunnskart frå Statens Kartverk

I «prosjekt Hallingskeidsanden» vil me ta for oss ein av desse stadene; Hallingskeidsanden i Lærdalsfjella. Lokal historie fortel at Hallingskeidsanden skal ha vore nytta som møteplass for folk frå Hallingdal og Lærdal, med aktivitetar liknande dei skeid som er beskrive frå Telemark og Setesdal. I løpet av august 2014 vil me gjennomføre feltarbeid på Hallingskeidsanden med mål om å finne arkeologiske spor som kan underbygge dette.

Me meiner at auka kunnskap om skeid og andre fjellstevne kjent frå historisk tid kan vera av stor betyding då det kan opne opp for eit breiare spekter av tolkingar og kaste ljos over den kompleksiteten og det store mangfaldet som truleg fanst av multifunksjonelle lokalitetar i jernalderen og mellomalderen. Me ser for oss at dette var stader utan klare skilje mellom interaksjon av økonomisk, sosial, rituell eller politisk art.