Fjellfolk og villrein i Rondane

14.10.13
Rein mot Rondane. Foto Per Jordhøy©.

Med Rondane tenkjer folk flest storslege norsk fjellandskap med ei synsrand av gråsprengte tindar, og under der lavkledde botnar og dalar. Men for reinen er dei viktigaste kvalitetane vel så mykje aust og vest for dette ruvande og forguda gråurmylderet. Her kjenneteiknar dei rike lavbeita store delar av reinens rike. Men sjølv kor nøysame desse dyra er, kan dei ikkje leva av lav åleine. Difor må dei vandre til område der dei finn betre vekstfôr sommarstid – vekk frå dei tørre vinterrabbane til store myrdrag og frodige dalgangar. Men i vest er vandringsvegen stengt – der dyra langt attende i tida søkte heilt ut mot frodige, kystnære grøntbeite. Det var den gongen vi for alvor trong grådyra, då svolten truga i gard og grend. I dag treng grådyra vår omtanke, slik at dei framleis kan få ro og rom til å beita og føra sin naturlege årssyklus i våre nasjonalfjell.

For å forstå korleis vi skal forvalte reinen sine leveområde treng vi god kunnskap om dynamikken i dyra sin arealbruk. Forutan nye moderne metodar med bestandsovervaking og merking av reinsdyr, bidrar også kartlegginga av den gamle reinsfangsten med tilhøyrande anlegg med viktig kunnskap. Denne gjev eit bilde på reinen sitt langsiktige bruksmønster. Fangsthistoria er og med og speglar korleis vi menneska har påverka reinen i moderne tid. Å forstå denne endringsprosessen og kva som har vore reinen sin opphavlege beitebruk og trekkmønster i Rondane, vil vera viktig for villreinforvaltinga frametter.

Utan god lokal forvalting er det vanskeleg å ta vare på reinen og tilhøyrande leveområde. Rondane utgjer i høve til dette ei stor utmaning da det er langstrakt og smalt. Dette inneber at det er lett tilgjengelege fjell som mange interessegrupper vil oppsøka og utnytte. Utbyggingspresset frå kringliggande bygder og befolkningssentra har difor vore stort i Rondane. Men lokale fjellstyre og villreinutval har teke ansvar for villreinen og sytt for at desse interessene har kome med når nye utbyggingsplaner har vore fremja. Difor er det framleis livskraftige bestandar av grådyr i Rondane. Vegen frametter kan like fullt bli kronglut og vanskeleg i ei verd der tunge kommersielle utbyggingsinteresser pressar på i aukande grad. For reinen blir det avgjerande at ein finn den rette balansen mellom bruk og vern i fjellet.

Per Jordhøy